Tysdag er dagen då lesarane får møte ei ny og moderne nettutgåve av Grannar. Hein Tore Tønnesen i IT-selskapet Appex (frå venstre), marknadssjef i Grannar, Åse Madsgård og prosjektleiar Arve Skogen gler seg stort til lanseringa.
Foto: Arne Frøkedal
Tysdag er dagen då lesarane får møte ei ny og moderne nettutgåve av Grannar. Hein Tore Tønnesen i IT-selskapet Appex (frå venstre), marknadssjef i Grannar, Åse Madsgård og prosjektleiar Arve Skogen gler seg stort til lanseringa. Foto: Arne Frøkedal

Nettavisa i ny drakt

Denne veka lanserer Grannar ei splitter ny nettavis som er utvikla for bruk på både smarttelefonar og lesebrett.

Omgjering som skjer tysdag, blir gjort for å tilpasse seg den nye røynda med at stadig fleire les nettavisa ved bruk av nyare og meir avanserte verktøy enn den vanlege datamaskina. Leiinga vedgår at nettløysinga deira ikkje har vore den beste når det kjem til desse nye lesevanane.

— Mykje av trafikken vår no kjem frå mobile einingar, noko som gjer at me må tenkje nytt om nettløysinga vår. Me har hatt behov for ei betre og meir moderne løysing enn det me har hatt fram til no, seier Arve Skogen, prosjektleiar for den nye nettavisa grannar.no.

Hein Tore Tønnesen i IT-selskapet Appex AS har stått for utviklinga i eit pilotprosjekt som inkluderer fleire lokalaviser.
Foto: Arne Frøkedal

Pilotavis

For eitt år sidan sette ei intern prosjektgruppe seg ned for å jobbe med saka og i vår vart det regionale IT-selskapet Appex AS hyra inn for å få Grannar i rute med den teknologiske utviklinga. Prosessen dei siste månadene har vore prega av tett dialog mellom partane, der også alle avdelingar i Grannar har vore involvert.

Redaktør Arne Frøkedal er godt fornøgd med resultatet, og håper at den nye innpakkinga kan invitere til endå fleire lesarar og meir trafikk på nettsida.

— Blant anna vil det nå vere høve til å nytte fleire bilete i sakene og tilpasse dei ulike annonsane meir enn tidlegare. I tillegg vil det bli publisert serviceguide og oversikt over ledige stillingar på sida, seier han.

Samarbeid

— Papiravisa vil framleis vere hovudproduktet og satsingsområdet vårt, men det er også viktig at me har ei aktiv nettside der me er tidleg ute med hendingsnyhende, seier redaktøren og fortel at den nye løysinga opnar for at journalistar kan publisere saker raskare og enklare enn før, gjerne også når dei er ute på oppdrag.

Grannar er det femte mediehuset som har fått ei hjelpande hand med teknologien frå Appex, men løysinga er likevel unik.

— Nettavisa er utvikla ved svært god hjelp frå Appex, men tilpassa våre ønskjer og behov som lita lokalavis. For å få ned kostnadene tok me initiativ til å få med også andre uavhengige lokalaviser i regionen; Tysvær Bygdeblad, Bømlo-nytt, Suldalsposten, Ryfylke og Grenda, seier Frøkedal.

Vil levere nasjonalt

Hein Tore Tønnesen, som er leiar for web og mobil i Appex, fortel at fleire av desse avisene er i ferd med å signere avtale om å bruke den same løysinga for si avis på nett.

får ei betre og meir moderne løysing enn det me har hatt fram til no

— Grannar er den første som testar ut løysinga og dermed er piloten i prosjektet. Dei har den mest moderne versjonen av nettavisløysinga vår, Appex publish, som me har vidareutvikla saman med Grannar.

Me er ufatteleg stolte av den nye løysinga og kor flott og brukarvennleg den nye nettavisa har blitt. Nettsidene er moderne og tilpassa framtidas krav, seier Tønnesen og meiner det har vore ein veldig givande prosess.

No ser han positivt på vegen vidare og legg ikkje skjul på at han håper enda fleire lokalaviser får augo opp for produktet.

— Vår ambisjon er å levere slike løysingar til alle lokalavisene i landet som har behov for ei betre nettavis. Den marknaden har me god tru på, seier Tønnesen.