Ni pårørande hadde teke turen frå Polen og etter gudstenesta blei dei frakta med båt ut til ulukkesstaden ved Bjørgjo.
Foto: Anci C. Tinde
Ni pårørande hadde teke turen frå Polen og etter gudstenesta blei dei frakta med båt ut til ulukkesstaden ved Bjørgjo. Foto: Anci C. Tinde

Kjensleladd markering på ein fredfull Etnefjord

Ni pårørande hadde tatt turen frå Polen.

Av Anci C. Tinde

Laurdag blei det halde minnemarkering for dei fire polske mennene som miste livet i Etnefjorden 22. juni. Pårørande deltok i ei verdig og kjensleladd minnestund i Gjerde kyrkje og på ulukkesstaden ved Bjørgjo.

— Det er havet det handlar om. Havet kan vera ufatteleg gåvmildt og rikt, men òg forferdeleg farleg. Den vakre Etnefjorden skulle bli ei god sommaroppleving for dei fira unge mennene frå Polen, men blei i staden ei ufatteleg ulukkeleg siste reise, sa Harald Grønnevik, soknepresten i Skånevik, under gudstenesta.

Tente lys

Ni pårørande hadde teke turen frå Polen for å vera med på minnemarkeringa laurdag. Grønnevik uttrykte noko av sorga deira.

— I dag er me samla til avskjed. Sjølv om ein visste for lenge sidan at denne dagen ville komma er det likevel vanskeleg.

Den polske konsulen i Oslo, Marcin Spyrka, ordførar, varaordførar og andre representantar frå Etne kommune, samt Røde Kors, deltok på minnemarkeringa. Konsulen las opp namna på dei fire omkomne før det blei tent lys.

Tidlegare på dagen hadde pårørande fått ei orientering frå lensmann Ingvar Gjærde og Røde Kors om ulykka, leiteaksjonane og obduksjonsrapporten for den mannen som er funne omkome.

Tre framleis sakna

På laurdag var det på dagen tre månader sidan Pawel Jan Mszanowski (28), Slawomir Skorupa (23), Damian Lukasz Golawski (25) og Lukasz Jaskulski (26) la ut på fisketur i ein 16 fot open båt med ein fire hestar påhengsmotor. Dei fire var ein del av eit følgje på ni som var på jobbjakt i Noreg og hadde leigd seg hytte i Osvågen.
Store ressursar vart sett inn i søket etter dei sakna, og tidleg laurdag morgon fann leitemannskap båten som låg og slo mot fjæresteinane ved Bjørgjo. Halvannan time seinare fann dei 28-årige Mszanowski. Dei tre andre er framleis ikkje funne.

minnemarkeringa hjelper oss til å seia farvel til dei me aldri vil sjå att

Det har delteke tolv ulike hjelpekorps i søket etter dei sakna polakkane. Seinast i august gjorde Kystvakten eit siste forsøk på å finna dei. Fjorden skal vera 170 meter djup der ulykka sannsynlegvis skjedde og om lag 600 mål av sjøbotnen er finkjemt.

Med båt til ulukkesstaden

Etter gudstenesta blei følgjet frakta med båt ut på Etnefjorden for å ha ein offisiell seremoni med nedlegging av blomar ved Bjørgjo. Det skarpe haustvêret og den nærmast blikstille fjorden på laurdag minnet lite om tragedien i sommar.

Dei pårørande kasta blomar på sjøen. Etneordførar Sigve Sørheim og den polske konsulen slapp kvar sin krans ned frå båtripa. Det var like stille om bord i båten som det var på fjorden og mange tok til tårene i denne kjenslesterke stunda.

— Me vil takka for alt det etnebygda og andre har gjort for oss. Me veit at de har gjort alt som var mogeleg. Denne minnemarkeringa hjelper oss til å seia farvel til dei me aldri vil sjå att, sa ein av dei pårørande etter seremonien.

Positivt

Ordførar Sørheim trur markeringa har vore viktig.

— Det har vore ei veldig bra markering og har ein veldig god kjensle i forhold til den, sa han, mens varaordførar Siri Klokkerstuen la til at ho har fått mange positive tilbakemeldingar frå dei pårørande.

— Dei viser stor takksemd for at dei fekk komma. Dei er jo i ein vanskeleg situasjon og me håper at det me kan gje kan hjelpa litt. Det er viktig for dei å få noko konkret å knyta ulykka opp mot.

I tillegg meiner ho at det har vore viktig for dei involverte i kommunen.

— Det er òg viktig for oss i kommunen som hadde eit kriseteam i aksjon. Kriseteamet viste seg å fungere veldig bra. Me har hatt eit veldig godt samarbeid med lensmann, Røde Kors, kyrkja, psykiatri og tolk.