«Kåre and the gang» frå Kaldheim si tid i Grannar. ArkiviIllustrasjon: Helen Kaldheim
«Kåre and the gang» frå Kaldheim si tid i Grannar. ArkiviIllustrasjon: Helen Kaldheim

Desse blir du kjent med

Denne gjengen dukkar opp i Grannar-spaltene.

Om du likte stripene om «Kåre & Sofie» som var ein del av ungdomsredaksjonen i Grannar i fjor, kan du gle deg. Teiknetalentet Helen Kaldheim (17) frå Odda og Etne sine figurar vil dukka opp i lokalavisa framover.

Gjengen

Figurane Kåre, Sofie, Bente, Anette, Tobias og naboen som omtalast som «Han med kroppen», skal spegla eit bygdemiljø, der mykje rart kan oppstå.

Kåre er ein tvers igjennom traktorinteressert person og bur saman med Sofie som er ei stram dame som veit kva ho vil, og som utan tvil er sjefen i huset. Tobias er bror til Sofie, og for han er det stort sett Playstation det heile handlar om. Trass i at Tobias spelegalen, har han klart å få seg kjærast. Ho heiter Anette, og er hekta på sosiale media og Facebook. Bente bur også i bygda, og er ei typisk «Barbie-doll», som sjeldan har eigne pengar. Noko ho ikkje heng seg opp i,

Helen Kaldheim lagar figurane med teiknebrett på datamaskinen sin.
Foto: Grethe Hopland Ravn

så lenge ho får pengar av pappa. Og så er det naboen då! «Han med kroppen» som truleg er til alle kvinners store visuelle glede, og til mannfolks store irritasjon.

Starta i GrannarHelen Kaldheim har sjølv dikta opp figurane, noko som kom i gang då ho i fjor hadde arbeidsveke i Grannar. Difor er det kanskje fleire som kjenner igjen både Kåre og Sofie. No kan lesarane gle seg, for gjengen blir etter planen fast innslag annakvar torsdag.