Austre innlaup til Vikenestunnelen.
Illustrasjon: Statens vegvesen
Austre innlaup til Vikenestunnelen. Illustrasjon: Statens vegvesen

Byggestart i sommar

Karmøy-entreprenøren Vassbakk & Stol skal bygga den nye E134-traseen i Skjold.

Måndag 24. juni signerer regionvegsjef Helge Eidsnes kontrakt med Vassbakk & Stol AS for bygging av E134 mellom Skjoldavik og Solheim.

Prosjektet inneber bygging av 2,8 kilometer ny veg utanom Skjold, inkludert to tunnelar. Karmøy-bedrifta var billigast med eit bod 321 millionar kroner som blei gitt i konkurranse med tre andre entreprenørar.

To tunnelar

Prosjektet omfattar bygging av totalt 2,8 kilometer ny veg utanom busetninga i Skjold. I dag har deler av vegen 40 km/t på grunn av kurvatur, tryggleik, miljø og fordi den vert nytta som skuleveg.

Vegen blir no lagt over i ein ny trasé mellom kyrkja i Skjoldavik og fram til Solheimskrysset. På det viset blir strekninga meir effektiv for dei som reiser gjennom, og tryggare for dei fastbuande i Skjold.

— Inkludert i dei 2,8 kilometerane skal me også bygge to tunnelar. Vikanestunnelen blir 360 meter lang, medan Eggjatunnelen blir 320 meter lang. Det skal settast opp midtdelarar gjennom tunnelane også.

Vest for Eggjatoppen skal vi bygge eit nytt kryss i to plan, og ei rundkjøring, der dei eksisterande vegane i området kan koplast på E134.  I tillegg skal me bygge fem andre bruer med varierande lengde og breidde for lokale vegar over E134, samt ei 43 meter gang- og sykkelbru ved Smedvik, melder Statens vegvesen.

Start i sommar

Vegetaten opplyser at anleggstart blir i sommar og at planen er å opna den nye vegen i desember 2015.

Dei fem køyrebruene som skal byggjast er:

– Dalabrua, lokalveg over E134 (lengde 54 meter)

– Nygårdsbekken, (lengde 34 meter)

– Beitabrua, lokalveg over E134 (lengde 37 meter)

– Eggjabrua, lokalveg over E134 (lengde 44 meter)

– Solheimsbrua, fylkesveg over E134 (lengde 49 meter).

Totalt blir det bygd om lag fem kilometer med sidevegar, lokalvegar, traktorvegar og gang- og sykkelvegar i tillegg til sjølve E134.

Bussreisande vil sjå at dei får nye haldeplassar. Det blir bygd seks nye busslommar: to ved Skjold kyrkje, to ved toplanskrysset på Eggjatoppen og to ved Solheimskrysset.