Lars Olav Bergsvåg er Etne Høgre sin gruppeleiar i kommunestyret inneverande periode - og toppkandidat også kommande val. 
ARKIVFOTO: JON EDVARDSEN
Lars Olav Bergsvåg er Etne Høgre sin gruppeleiar i kommunestyret inneverande periode - og toppkandidat også kommande val. ARKIVFOTO: JON EDVARDSEN

Støttar storkommune

Kva meinar du?

Lokalpartileiar Lars Olav Bergsvåg (H) i Etne har ingenting imot moderpartiet sitt ønske om større kommunar, men ekteskap med Vindafjord blir for puslete, meiner han.

Eit tvangsekteskap mellom dei to kommunane etter eit regjeringsskifte med nytt fleirtal på Stortinget, meiner han er ein hypotetisk situasjon.

Men med Høgre sin statsministerkandidat Erna Solberg ved roret, er det fleirtal for at Stortinget skal bestemme over kommunekartet, og at det berre er kommunar som er ueigna for samanslåing som unngår det.

Ja til tvang

— Tvangssamanslåing med Vindafjord er eit hypotetisk spørsmål eg ikkje vil ha så bastante meiningar om. Eg trur ikkje det er godt nok at Etne og Vindafjord blir slått saman, det blir ein for liten kommune uansett. Det må fleire til for å løyse dei oppgåvene kommunane får i framtida. Eg meiner det er rett med meir solide kommunar som lettare kan få til eit godt fagmiljø, og der etatane kan bli meir spesialiserte, seier Bergsvåg.

Etne og Vindafjord saman blir for liten kommune uansett

Han legg til at Høgre lokalt ikkje har vedtatt noko om spørsmålet og at det er fleire meiningar om temaet. Men lokallagsleiaren er heilt på linje med partiet om at færre og solide kommunar er framtida.

Han ser Etne, Sauda, Suldal og Vindafjord som ein aktuell ny kommune, men han er ikkje sikker på om det er stort nok.

— Det kjem an på kva oppgåver kommunane skal løyse, Det veit vi ikkje i dag, seier han.

Blir fylkeskommunane lagde ned slik Høgre går inn for, blir behovet for større kommunar endå meir påkravd, meiner han.

Nei frå Frp-leiar

Frp-leiar Audun Namtvedt vil ikkje dilte etter partiet sentral som har vedtatt at Stortinget skal bestemme framtidas kommunekart. Partileiaren i Etne stiller seg ikkje bak Frp sitt forslag til demokratireform der ultimatum og tvang er medisinen. Dersom kommunane ikkje vil frivillig, skal Stortinget bestemme.

— Vi ønskjer at kommunane sjølve skal avgjere denne saka gjennom folkeavrøysting. Etne Frp kan ikkje sjå at det vil vere ei god løysing at ein slår Etne saman med andre kommunar, og vi ønskjer heller ikkje at Stortinget skal overprøve det kommunale sjølvstyret, seier Namtvedt.

Han er difor på kollisjonskurs med Frp-nestoren Terje Halleland i Vindafjord som vil slå Etne saman med Sauda, Suldal og Vindafjord, gjerne med tvang dersom naboen i aust ikkje vil. Halleland vil ha storkommune på indre Haugalandet.

Underparlament

Med utgangspunktet at Namtvedt ikkje vil at Etne skal slå seg saman med nokon, er han heller motvillig til å peike ut framtidas partnerar.

— Gitt at ein går til det udemokratiske steget og brukar tvang, kan ein storkommune for Haugalandet vere ei slik hypotetisk løysing. Der kan ein ha eit parlamentarisk fundament med sjølvstendige «bydelar» tilsvarande dagens kommunar, er forslaget hans.

Han er ikkje aleine om å ha partivedtak frå sentralt hald som tilseier at det blir meir tvang der Stortinget skal bestemme kommunekartet i større grad. Vetoretten til kommunar som ikkje vil, er plassert i skammekroken i den borgarlege leiren, og gulrøter til å lokke med er erstatta med pisk.

Helst berre Etne

Leif Arne Løvereide i Etne Venstre har notert seg at Venstre vil har Stortinget på banen i det han ser på som tvang light for å få ein ny kommunestruktur.

Han er redd for at kravet om nytt kommunekart er blitt ein trend der ein risikerer å gå for fort fram, og slår saman kommunar det viser seg ikkje var så lurt likevel.

— Er det klare fordelar, kan det vere greitt. Men eg er redd det blir gjort berre for å gjere det, og det blir eit feil. Eg trur ikkje på samanslåing for einkvar pris, seier han.

Han er dermed skeptisk til Venstre sitt forslag om at Stortinget skal bestemme eit tal for kor mange kommunar det skal vere.

— For Etne sin del ønskjer eg eigentleg å ha det slik vi har det, seier han.

Dersom Etne må gå saman med andre kommunar, ser han dei fire kommunane Sauda, Suldal og Vindafjord som aktuelle partnarar. Desse kommunane er i gang med å finne ei plattform for helsesamarbeid. Å gå saman med berre Vindafjord, er ikkje  først på ønskelista.

Les meir om saka i torsdagen papir-/eavis.