Snart byggetart i Stordalen. Statens vegvesen bil i løpet av eit par veker signera kontrakten med det Store E134-anlegget. Foto: Espen Mills/etnebilder.no
Snart byggetart i Stordalen. Statens vegvesen bil i løpet av eit par veker signera kontrakten med det Store E134-anlegget. Foto: Espen Mills/etnebilder.no

Kruse Smith billigast

Byggestart om ein dryg månad.

Entreprenøren Kruse Kamp ligg svært godt an til å få kontrakten på bygging av E134-parsellen i Åkrafjorden.

Då fristen gjekk ut for å koma med anbod på den store vegkontrakten i Etne kommune, hadde tre entreprenørar meldt seg på å konkurransen. Kruse Smith var klart billigast.

— Pris er viktigast i denne samanheng, og det er stor sjanse for at Kruse Smith får oppdraget, seier prosjektleiar Rolf Harkestad i Statens vegvesen til Grannar.

Som forventa

Kruse Smith har gitt inn eit pristilbod på vel 340 millionar kroner. Sveitsiske Implenia sitt anbod var på i underkant av 373 millionar, medan den tredje interesserte, Vassbakk & Stol på Karmøy, var dyrast med vel 437 millionar. Det gir ein skilnad mellom dyrast og billigast på 97 millionar.

Prosjektleiaren seier at dette er ein pris som forventa, og at han ikkje hadde rekna med at fleire skulle melda seg i eit så stort og krevjande anbod som ein totalentreprise er.

— Det er ein del formalitetar me skal gjennom før kontrakten blir signert. Me har gode erfaringar med Kruse Smith frå Jondalstunnelen og andre store oppdrag, og trur dette skal bli ei god løysing. Det gjeld også dei andre entreprenørane, seier Harkestad.

Anleggsstart

Kontrakten vil bli underskriven i løpet av 14 dagar og Harkestad reknar med at anleggstart vil skje i månadsskiftet oktober/november.

Prosjektet gjeld bygging av 4,5 kilometer av E134 i Stordalen. Det omfattar ny trasé frå Lauareid i aust og vestover til Bakka. I tillegg inngår ei rekkje sidevegar, lokalvegar, traktorvegar og gong- og sykkelvegar. Samla lengd på desse er om lag 2,5 kilometer. På hovudvegen er det både veg i dagen og to tunnelar på om lag 1.190 og 160 meter.

Vegprosjektet har ein kostnad på 426 millionar i 2013-kroner. Differansen mellom estimert kostnad og anbod er på ca 86 millionar kroner. Dette er pengar som blant anna skal dekka meirverdiavgift, grunnkjøp, planlegging og Statens vegvesen sine eigne kostnader.