Blikkfang ved vegen. Unni Marie Lien viser representantar frå verdskjente cruiseselskap rundt i sin vakre hage. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Blikkfang ved vegen. Unni Marie Lien viser representantar frå verdskjente cruiseselskap rundt i sin vakre hage. Foto: Irene Mæland Haraldsen

Snusar på cruiseutflukter

Aktulle mål i Vindafjord og Etne.

Av Irene Mæland Haraldsen

Ein delegasjon cruiseagentar vitja onsdag distriktet i håp om å finna spennande utflukter for cruiseturistar som legg til hamn i Haugesund.

I Ølen vart det tid til eit kort besøk hjå rosemalar Unni Marie Lien før ferda gjekk vidare til Åkrafjorden med Langfoss, Eljarvik og Fjordcriuse som utvalte stopp. Målet var å leita opp unike dagstur opplevingar for cruiseturistar.

— Me er her på tur for å sjå. Familievenlege destinasjonar som gjerne har ei historie å fortelja står på ynskjelista, seier Russel Daya frå Disney Cruises.

Imponert

Daya og dei åtte andre representantane frå blant anna amerikanske og engelske selskap, var synleg  overvelda over den vakre naturen og ikkje minst den unike opplevinga dei fekk hjå rosemålaren i Ølen. Daya som ikkje hadde vore på Vestlandet tidlegare, var imponert over det han såg.

— Slikt er ikkje kvardagskost, seier han og beundrar hageanlegget og utsikta over Ølensfjorden.

Aukande cruisetrafikk

I 2013 la sju cruiseskip til kai i Haugesund. Neste år står ti skip på lista.

— Me håpar på enda fleire. I 2015 får me kanskje inn nye reiarlag, seier regional reiselivssjef Vigleik Dueland.

Cruiseselskapa ser etter utfluktsprogram som kan passa til heil- eller halvdags utflukter.

Familievenlege destinasjonar som gjerne har ei historie å fortelja står på ynskjelista

— Ølen er ei perle i seg sjølv og her hos Unni får me sjå ekte norsk handverk, seier Dueland og legg til at avstanden frå Haugesund er passe stor for ein stopp.

Åkrafjorden med fjordcruise og fossefall er også aktuelle stoppestader for dagsutflukter, meiner Dueland.

Besøkjer heile distriktet

Delegasjonen hadde mange stopp på programmet.

— Me starta i Stavanger og skal vidare til Bergen. Cruisetrafikken er ei næring i vekst så nå er det viktig å visa nye ting. Mange har aldri vore i Noreg før, så dette er heilt nytt for dei, seier Wenche Hansen frå Guidecompiet.

Alle representantane kjem frå verdskjente reiarlag.

Spent på responsen

Unni Marie Lien er både glad og overvelda over den store interessa reisefølgjet viste under kortvisitten.

— Dette blei fort og gale. Men det er veldig kjekt at det blir gjort ein stoppestad i Vindafjord. Håpet er at det kan dryppa litt på fleire i distriktet, seier Unni og håpar cruiseturistane i framtida vil svinga innom.

— Det er ikkje mange stader att der turistar får sjå ekte handverk, seier ho og legg til at så langt i år har vegfarande frå heile 62 nasjonar funne vegen til det spesielle huset i E134-svingen nær Ølen sentrum.