Framfører eigne tekstar

Skrivelystne ungdommar fekk prøva seg både som forfattarar og skodespelarar då Etne Bibliotek inviterte til poesislam.

Svært oppglødde og ikkje så lite spente set ein gjeng ungdommar rundt bordet i eit av klasseromma på Skakkesenteret. Det to dagar lange skrivekurset går mot slutten. Nå er det tid for framføring. Sjølvskrivne tekstar skal delast med kurskameratar og sommarfuglane har inntatt mageregionen.

—Stor kjærleik for Anette, ropar Taro Vestøl Cooper og klappar fram første deltakar.

Resten av gjengen stemmer i med rop og klapp. Roleg og litt spent entrar 14 år gamle Anette Aune podiet med arket i handa.

Diktet om uhellet med kniven blir tatt vel imot.

— Nå må du stå på scenen til publikum er ferdig med å gje applaus, seier Taro før han kallar fram neste opplesar.

— Pust ut og slapp av. Du vel sjølv korleis teksten skal framførast, men hugs å vera tydeleg, instruerer han og smiler.

Lærerikt
For Anette og dei ti andre medforfattarane har kurset vore svært lærerikt.

— Eg har lært å bli meir sjølvsikker. Å få applaus gir også sjølvtillit. Her har me lært både å skriva og framføra. På skulen likar eg å skriva stil og kurset har vore til hjelp for skulearbeidet, seier ho.

Første kursdag fekk alle deltakarane fem ord dei skulle bruka som grunnlag for diktet dei skulle skriva.

— Me trekte fem ord frå ein boks. Eg trekte kniv, sår og tre andre ord, fortel Anette. Ut frå dette blei diktet hennar til.

16 år gamle Viktorija Badaityte finn inspirasjon i dikt, og kurset har lært henne ulike skriveteknikkar.

— Ein kan bli inspirert av alt i dikt. Alt kan gi ei meining. Nokre dikt har tydeleg meining, i andre må ein leita mellom linjene for å finna meininga, seier ho og tykkjer kurset har vore kjempekjekt.

Samarbeidsprosjekt
Skrive- og framføringskurset er eit prosjekt i regi av fylkeskommunen der kommunar i heile landet kan melda seg på tilbodet. Målet er å få fleire ungdommar til å leike seg med ord og setningar.  I løpet av seks timar fordelt på to kveldar får ungdommar mellom 13-19 år høve til å skriva og framføra eigne tekstar.

— Første kvelden hadde dei skrivekurs med lyrikar Henning Bergsvåg frå Bergen. I kveld er det kurs i framføring med skodespelar og norgesmeister i poesislam Taro Vestøl Cooper. Prosjektet inngår i eit samarbeid med ungdommens kulturmønstring der dei som vil, kan melda seg på med sine tekstar, opplyser Ingeborg Sørheim ved Etne Bibliotek. Sørheim har stått for organisering og reklamering etter at Etne kommune melde seg på prosjektet.

Engasjerte og flinke
Poesislam ekspert Taro Vestøl Cooper er imponert over elevane sin entusiasme og skriveglede. Sjølv brukar han framføringsteknikkar som spenner frå høge rop til nesten lydlaus kviskring. Heile kroppen er i rørsle når han demonstrerer korleis ein tekst kan framførast. Latteren spreier seg i rommet når ungdommane skal veksla mellom ulike sinnstemningar.

— Les som de er dødsforelska. Og etterpå skal de vera kjempetriste, seier Taro og lokkar følelsane fram hjå dei unge.

— Dei er kjempeivrig og flinke. Eg er veldig imponert. Dette er veldig gøy, seier lærar Talo og skryt av elevane sine.

Den tre timar lange poesiøkta er over. Med seg i sekken har elevane fått både skriveglede og erfaring. Og kanskje blir det litt mindre skummelt å entra scenen neste gong det vert framføring på skulen.