Ølen Betong-sjef Svein Atle Berge har god tru på at samarbeidet med Kongsberg Betong skal gi styrke og god utvikling.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Ølen Betong-sjef Svein Atle Berge har god tru på at samarbeidet med Kongsberg Betong skal gi styrke og god utvikling. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Kjøper betong-bedrift

Ølen Betong har kjøpt opp bedrift på Askøy.

Frå nyttår overtar Ølen Betong Gruppen AS selskapet Askøy Bygg & Betong AS. Det stadfestar hovudaksjonær og Ove Salomonsen (57) i seljande selskap.

— Me var inne i eit generasjonsskifte. Kompanjongen min ynskte å gi seg, og eg har ingen i familien som vil overta. Dermed blei det handel, seier Salomonsen til Grannar.

Lang prosess

Ølen Betong Gruppen har vore aktive på oppkjøpsfronten dei siste åra. I fjor passerte omsetninga 500 millionar kroner for første gong i konsernet si historie, og resultat før skatt enda på nær 85 millionar kroner.

Ifylgje seljar var det vindafjordingane som tok kontakt med tanke på sal.

— Det var ikkje nauda som førte fram til denne avtalen. Timinga var der, og då også tilbodet var interessant blei det handel, etter ein prosess som gått over halvanna til to år, seier Ove Salomonsen.

Askøy Bygg & Betong AS med rundt 15 tilsette, har hatt ei omsetning på rundt 35 millionar kroner dei siste to åra, og har levert resultat før skatt på rundt tre millionar. Bedrifta opererer i området stor-Bergen.

Skilt ut

Tidlegare i år blei Askøy Bygg & Entreprenørforretning AS skilt ut som eige selskap som held fram verksemda med same eigarar. Betong-delen som Ølen Betong Gruppen overtar, står for størstedelen av aktiviteten.

— Denne delen av verksemda som har ni tilsette, vil i 2013 få ei omsetning på rundt 30 millionar, opplyser Salomonsen.

Styrking

Dagleg leiar Svein Atle Berge i Ølen Betong stadfester avtalen, og seier at det gjenstår formalitetar før alt er i boks med tanke på overtaking frå nyttår.

— Me gjer dette for å styrka oss i bergensområdet. I dag har me eit produksjonsanlegg der oppe og er alt ein sterk aktør i marknaden. Målet er å utvikla denne posisjonen.