Kraftutbygging for 750 millionar

Sjå Haugaland Kraft AS sine planar for prosjektet «Nye Etne».

Haugaland Kraft vil bygga eit heilt nytt kraftverk i Liteldalen, samt tre nye mindre kraftanlegg høgare oppe. Det gamle anlegget på Hardeland blir lagt ned.

Gjennom ei melding til NVE har Haugaland Kraft nå lagt fram sine omfattande planar for rehabilitering og modernisering av kraftverka sine i Etne. Prosjektet «Nye Etne» blir presentert på eit informasjonsmøte i Etne Kulturhus 19. november.

eit godt og miljøvenleg prosjekt der mesteparten er lagt inne fjellet

Planane går ut på å auka produksjonen til rundt 242 GWh/år, ein auke på rundt 15 prosent og tilsvarande kraft til ca 1.500 husstandar. Utbyggar har lagt fram tre alternativ der hovudalternativet har ein forventa prosjektkostnad på ca 750 millionar kroner. I tillegg kjem investeringar på nettforsterkning i området.

— Dette er eit anlegg for framtida, eit godt og miljøvenleg prosjekt der mesteparten er lagt inne fjellet, seier administrerande direktør Olav Linga i ein kommentar.

Ferdig i 2020

Eitt år etter at styret i Haugaland Kraft gav klarsignal for storsatsing på fornying av dei gamle kraftanlegga i Etne, er planane klare for å presenterast for ålmenta i regi av NVE. Meldinga som nå er lagt fram, skal førast vidare gjennom ei konsensutgreiing etter plan- og byggingslova, og skal etter framdriftsplanen resultera i ei konsesjonsbehandling som kan vera klar innan utgangen av 2015.

Byggefasen er planlagt med start i 1917, og om alt går som utbyggjar håper kan det bli oppstart av dei nye kraftverka i midten av 2020.

— Me går nå inn den fasen der me sender inn konsesjonssøknad, opplyser Linga.

Hovudalterantiv

Haugaland Kraft har lang historie i Etne med sine kraftverk, først i Litledalen og seinare på Hardeland. Anlegga er bygd ut i fleire etappar i periode 1920 til 1963. Seinare har drift og vedlikehald prega situasjonen, men nå står anlegga overfor omfattande rehabilitering med ein mindre auke i produksjon av elektrisk kraft.

Hovudalternativet går ut på å bygga eit nytt Litedalen kraftverk basert på inntak i Løkjelsvatn og Bassur-Krokavatn. Eksisterande Litedalen kraftverk skal oppretthaldast, men eit av aggregata blir fasa ut og erstatta med eit mindre, medan Hardeland kraftverk blir lagt ned og erstatta med eit småkraft.

I tillegg skal det byggast to minikraftverk oppe i fjellet som vil utnytta falla mellom Grindheimsvatn og Hjørnåsvatn, og mellom Ilsvatn og Krokavatn.

I fjellet

Nye Litledalen kraftverk skal plasserast inne i fjellet på sørsida av Litledalsvatnet. Dette skal utnytta heile fallet frå Løkjelsvatnet og Kritle-området. Det skal difor etablerast nye vassvegar med inntaktskonstruksjonar i Løkjelsvatn og Bassur-Krokavatnet. Tunnelane skal drivast frå tre ulike stader.

Vidare blir det tre mindre arbeidsstader ved ei svinge-/luftesjakt i Strypeheiane og nye lukehus ved Strypeheiane og Løkjelsvatn.

Nett-tilknyting er planlagt som kabel i adkomsttinnel ut til tunnelpåhogget og innmating på eksisterande 66 kV-nettet via eit nytt koplingsanlegg nær Litledalen kraftverk.

Utbyggjar ser for seg at anleggsdrift hovudsak kan gjennomførst ved bruk av eksisterande vegar i området, men det kan bli snakk om oppgradring og utbetringar. Fram til tunnelpåhogget i Litledalen vil det bli bygd ny permanent veg.

Det er lagt inn ein tipp/deponiområde for stein ved Litledalsvatnet, samt eitt eller to liknande område nær Hjørnåsvatn. Storleiken på tippane vil vera på rundt 100.000 til 150.000 kubikkmeter.

Meir effekt

Føremålet med meldinga er å informera NVE og ålmenta om prosjekta, og å få tilbakemelding om forhold som bør vurderast i vidare planlegging. Kraftlagsdirektøren ser ikkje for seg dei store kontroversane.

— Nei, eg trur ikkje på dei store protestane. Det vil alltid bli ein diskusjon nå me byggjer nytt, men her er det snakk om lite nye inngrep i fjellet.

Prosjektet er ei storsatsing i Etne og vil gi stor aktivitet og arbeidsplassar i utbyggingsperioden. Dei gamle anlegga er modne for fornying. I energitilgang er dette ei lita utbygging, men me får meir effekt ut av produksjonen og kan ha eit moderne anlegg som me betre kan styra etter når prisane er gode, seier Olav Linga.