John Karsten Hustveit, Åkrafjordtunet.
John Karsten Hustveit, Åkrafjordtunet.

Får skryt av statsråd

Kjøpmann John Karsten Hustveit blir brukt som lysande døme.

I eit innlegg sendt til media fredag brukar kommunal- og næringsminister Jan Tore Sanner eit lokalt døme på at kjøpmenn i distrikta ofte gründerar.

— Dei er meir opptatt av nærmiljøet enn berre å selja mjølk og brød. Sal av lokalmat eller andre tilleggstenester må til for å sikra butikkøkonomien. Fleire stader blir små sentre og nye arbeidsplassar etablert rundt nærbutikken. Nærbutikken skaper gode samfunn, skriv Sanner.

Statsråden held fram:

— Eit strålande eksempel på dette, som er særleg relevant nå ved juletider, er Nærbutikken Åkrafjordtunet og kjøpmann John Karsten Hustveit i Etne. Han har stor suksess som forhandlar av lokale matprodukt, og sender i desse dagar ut store mengder pinnekjøtt til ulike deler av landet. Han har deltatt i Regjeringa sitt Merkur-program og hans erfaringar er gull verdt i den vidare utviklinga av arbeidet for gode daglegvarebutikkar i distrikta.

Merkur hjelper butikkane, i deira leiting etter andre tenester og funksjonar som kan vera med på å utvida tenestetilbodet. Det gir daglegvarebutikken fleire bein å stå på, samtidig får kundane eit betre tenestetilbod og gode nærmiljø styrkes.

Det som er positivt for butikken er samtidig positivt for bygda og folka som bur der, skriv Jan Tore Sanner.