Ein skål for det første skiltet som kom på plass i arbeidet med å gi vindafjordingane gateadresser. Frå venstre Asbjørn Stople, ordførar Ole Johan Vierdal og prosjektleiar Berit Hetland. Foto: Jon Edvardsen
Ein skål for det første skiltet som kom på plass i arbeidet med å gi vindafjordingane gateadresser. Frå venstre Asbjørn Stople, ordførar Ole Johan Vierdal og prosjektleiar Berit Hetland. Foto: Jon Edvardsen

Bobler for første skiltet

Nå kjem gateadressene til Vindafjord.

Litt champagne måtte til for å markere at det første vegskiltet for gateadresser kom opp i Isvik. Snart må huseigarane skru opp nummerskilt.

To år er gått sidan prosjektet med å gi alle vindafjordingar ei gateadresse starta opp, og denne veka såg prosjektleiar Berit Hetland et lyset i tunnelen ved at det første gateskiltet vart skrudd opp.

Æra kom Isvikvegen i Skjold til del, inn til det eldste byggjefeltet mot vest.

Ordførar i Saudavegen

Hetland markerte milepålen med å skåle litt i alkoholfri champagne saman med ordførar Ole Johan Vierdal, og Asbjørn Stople frå teknisk drift som har hovudansvaret for at skilt blir fundamentert og skrudd opp der dei skal.

 har ingenting imot å bu i Saudavegen

Underleg nok får ordføraren frå Vats gateadresse Saudavegen med eit ganske høgt husnummer sidan vegen hans startar i indre Ryfylke.

— Eg har ingenting imot å bu i Saudavegen. Namnet skjemmer ingen og det er mange bra folk i Sauda, seier Ole Johan Vierdal.

Sauda i Vindafjord, slik er det blitt.

— Det er ikkje verre enn å bu i Ølensgata i Haugesund, meiner ordføraren.

At fylkesveg 46 frå Knapphus til kommunegrensa i Imsland skal heite Saudavegen, syntest ikkje stadnamntenesta på Vestlandet er den beste ideen. Men då Hetland allierte seg med Sauda og Suldal, slik at Saudavegen går frå Knapphus til Sauda, var det viktigaste motargumentet lagt dødt. Alle vegnamna er godkjende politisk  Vindafjord.

Bankar på døra

Berit Hetland er utolmodig og vil aller helst ha opp dei 200 vegskilta i kommunen før sommaren, men Asbjørn Stople som har ansvaret for jobben, er meir i tvil om det lar seg gjennomføre og trur året vil gå.

Det er trass alt 200 vegskilt som skal opp, og rundt 300 tilvisingskilt (nummer) som viser inn i sidevegar.

— Jobben vil nok ta litt tid og kor fort det går, kjem an på kor mange lag vi set inn på jobben, seier Stople.

— Vi håpar Asbjørn blir godt mottatt når han bankar på døra for å få lov til å bruke privat grunn der det ikkje er plass til skiltet i den kommunalt eigde grøfta, seier Hetland.

Kommunen har fått lov av Statens vegvesen til å skru opp vegnamn på deira skilt der det er mogleg. Jobben for kvart einskilt skilt kan difor ta frå minuttar til fleire timar der det må graving og fundamentering til for å få opp eit stødig skilt.

Blålys

Ordførar Vierdal meiner 3,5 millionar kroner er vel brukte pengar for å skaffe innbyggjarane adresser.

— For blålysetatane er det ein stor fordel med gateadresser for å finne fram der dei skal. Eg trur også folk flest synest det er greitt å få ei skikkeleg gateadresse, og fleire er utolmodige og lurer på når tid det skjer. Eg har sett døme på at nokon alt har tatt i bruk den nye adressa si, fortel han.

Å vere ein kommune utan gateadresser er under dagens forventningar, og dei aller fleste kommunar investerer i å få det. Men det er førebels inga plikt om å ha adresser sjølv om kommunane blir oppfordra til å få det.

Til og med Romsa

Vindafjordingane vil etter kvart som skiltinga går framover, få brev i posten med gateadresse og husnummer. Det er alt sendt ut slike brev for 15 vegar mellom Isvik og Bjordalsvegen.

— Vegnamnet kan ingen protestere på lenger. Men dersom nokon meiner dei er knytte til feil veg eller nummer, kan dei ta kontakt. Det er eit stort arbeid og vi kan gjere feil, seier prosjektleiar Hetland.

Det einaste vegnamnet som ikkje er godkjent enno, er for Veldefeltet i Øvre Vats. Stadnamntenesta står fast på det dei har i sine papir, Velle og ikkje Velde. Men kommunen går for det dei fleste i Vats brukar, og står fast på at vegen i feltet skal heite Veldetunvegen. Namnedisputten blir difor endeleg avgjort av Statens Kartverk.

Skiltinga går no vidare på Vikevegen frå Isvik til krysset ned til ferjekaien på Utbjoa, der Bjoavegen overtar inn til Ølensvåg.

— Det har gått greitt med å finne gode vegnamn og vi har fått mange gode innspel. Alle bygningar; hus, bedrifter og offentleg bygg får ei adresse. Også Romsa får husnummer, fortel Berit Hetland.