Slakteri under lupa

Nortura ser på sin fabrikkstruktur. Også framtida til anlegget i Sandeid er under vurdering.

Forenkla fabrikkstruktur, spesialisering av produksjonen og framtidsretta teknologi skal gi vekst for den bondeeigde matvareprodusenten innan kjøtt- og egg. Nortura har dei siste månadene vurdert korleis ein ny og framtidsretta industriell struktur for raudt kjøtt (svin, småfe og storfe) skal vera. Det er kartlagt fleire nye modellar.

— Me har behov for ein struktur som flyttar Nortura inn i framtida. Dagens industristruktur er kompleks, og me må vera sikre på kva effekt endringar vil gi, før noko blir bestemt. Difor må me først dra i gang med detaljutgreiing av det me trur er rett, uttaler konsernsjef Arne Kristian Kolberg.

Open om prosessen

Konsernsjefen meiner det er rett å samla foredlingsaktiviteten i færre fabrikkar i området frå Trøndelag og sørover. Det inneber at alle anlegga her vil vera under lupa på ein eller annan måte.

Når det gjeld sørvest, der Nortura har anlegg på Forus (ca 700 tilsette), Egersund (120) og Sandeid (60), vil Kolberg avventa kva politikarane i Stavanger gjer. På Forus pågår det eit reguleringsarbeid som kan resultera i at kommunen vil overta området der Forus held til, og regulera det til bustader.

Fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg i Nortura Sandeid er med i konsernet si arbeidsgruppe som vurderer framtida i region sørvest. Ho seier at Nortura har vore open om prosessen, og i Sandeid er tilsette og tillitsvalde orienterte under vegs om det som er på gang, seinast torsdag, same dag som konsernleiinga sendte ut pressemelding om at «Ny struktur skal gi vekst for Nortura.

Eitt anlegg i Rogaland

— Nortura har sagt seg villig til å selja industriområdet på Forus til Stavanger kommune, og dersom det skjer, ligg det i korta at produksjonen i sørvest blir samla i eitt anlegg, seier Stokkevåg.

Ho presiserer at det framleis er stor uvisse om Forus-området blir regulert til bustadføremål, og at det uansett ligg fem til seks år framme i tid for å for etablert ein ny fabrikk.

— Det blir inga avklaring før 2015, og så vil det gå fleire år før eitt eventuelt nytt anlegg står ferdig.

Fabrikksjefen har ikkje inntrykk av at tilsette i Sandeid i dag går rundt og er redde for arbeidsplassane sine. Ho poengterer at det er mykje som kan skje, til dømes innan bustadprisar og utviklinga i landbruket, som kan endra føresetnadene før ei beslutning skal fattast for regionen.

Gismarvik?

Dersom Nortura skal flytta frå Forus, ligg det an til ein hard lokaliseringskamp for det nye gigantanlegget. Stavanger Aftenblad har antyda at Kviamarka i Hå er mest aktuelt, men fleire andre stader vil bli trekte inn.

— Også nordfylket blir med i denne vurderinga. Det nye næringsområdet på Gismaravik i Tysvær, ligg strategisk til og er eitt av fleire alternativ for plassering av eit nytt anlegg, opplyser Britt Randi Stokkevåg.

Dette alternativet opnar for at tilsette ved anlegget i Sandeid kan pendla og dermed halda fram med å jobba i Nortura utan å flytta.

Anlegget i Sandeid har lagt eit svært effektivt år bak seg og har vist evne til god produktivitet. Det blei tatt imot 9.200 tonn i eit anlegg som for 40 år sidan blei bygd for 5.000 tonn. Fjorårets slaktevolum er rekord for ein normalår.