Åsmund Kringlebotten og Maria Størkson forserte bakkane oppover Hodnafjellet i eit friskt tempo. Foto: Øystein Birkenes
Åsmund Kringlebotten og Maria Størkson forserte bakkane oppover Hodnafjellet i eit friskt tempo. Foto: Øystein Birkenes

Ein solid søndagstur

Trassa gråvêret og gjekk Skjold på tvers.

Av Øystein Birkenes





Åsmund Kringlebotten og Maria Størkson var blant dei 424 deltakarane som forserte Hodnafjellet og mange andre nutar.

På søndag vart det for femte år på rad arrangert «Skjold på tvers». Mange hadde møtt opp for å ta den strabasiøse fjellturen, trass i at det heilt store turvêret uteblei.

 Heile turen talte nærmare 2,4 mil og strekte seg frå foten av Hodnafjellet, via ni fjelltoppar og inn til målstreken ved Skjold Arena.

Folk blei skyssa ut til startstaden frå ni-tida av, og kunne ta løypa i eige tempo. Ein kunne også gå berre halve turen, eller ei meir tilrettelagt løype dersom ein ynskja det. Klokka 13 var det fellesstart for «eliteklassen», kor dei meir seriøse terrengløparane kappast med kvarandre.

Frisk tempo

Grannar trefte blant andre på Åsmund Kringlebotten og Maria Størkson, på veg oppover Hodnafjellet i 10-30-tida. Om ikkje fullt så ambisiøse som løparane som skulle starte seinare, var dei likevel bestemte på å halde eit friskt tempo oppover bakkane.

— Me tenker på førehand å bruke cirka fem og ein halv time. Ideen er å time det nokolunde slik at eliten tek oss igjen når me er midt i løypa, så me kan vere tilskodarar og heie litt på dei. Eg har brør som er med på fellesstarten, fortel Kringlebotten.

— Kva tenker de om å gå ein slik arrangert tur kontra å berre finne på ein søndagstur på heilt eige initiativ?

— Personleg tenker eg at dette får meg til å sette opp tempoet litt meir enn eg elles ville gjort, svarer Størkson.

— Det er jo litt stas å få ei god tid, unngå å bli slått av alle pensjonistane som går turen, smiler ho.

— Det er jo ein ganske bra tur viss du går heile løypa, seier Kringlebotten.

— At det blir gjort ei «greie» ut av det, med premiering og så vidare, får kanskje fleire folk til å ta ein lengre søndagstur enn dei elles ville gjort.

Tilfreds arrangør

Det flotte vêret som har prega distriktet dei siste vekene, skulle ikkje halde seg heilt til søndagen. Dermed fekk ikkje «Skjold på tvers» glede av dette, slik det var forhåpningar om før prognosane vart slått nærmare fast.

— Det er jo ikkje så aller verst vêr nå i dag, men ein del såg nok ut vindauget allereie på laurdagen og slo frå seg tanken om ein slik søndagstur, smiler Kåre Haugen, medlem av arrangementskomiteen for løpet.

— Vêret er i alle fall mykje betre samanlikna med i fjor, då det nærmast regna vassrett. Deltakarrekorden på 504 frå 2012 står nok eitt år til, men forholda tatt i betraktning ser oppmøtet ut til å bli bra.

Meir på trykk

I dagens papir/eavis finn du fleire bilde og meir om saka, samt resultatliste frå eliteklassen.

Her er også reportasje om Lego-mannen frå Ølensvåg, årets «Ut på tur»-opplegg i Vindafjord og siste dramatiske utvikling i saka om den omstridde etableringa på Lenestangen i Skånevik. Me har også vore ute og spurd innbyggjarar i Vindafjord kva dei meiner om vindkraft, og har referat frå det store bondemøtet i Etne.