Tor Egil Holmedal (t.v.) plukkar opp årets første villaks frå fangstfella i Etneelva. Foto: Andreas Espevik
Også i laksefella i Etneelva er det tatt oppdrettslaks den siste tida. Her Tor Egil Holmedal (t.v.) i aksjon i fjor. Arkivfoto

Første laks i fella

Ny sesong i pilotprosjekt.

Av Jenny Hjemdal

No er laksen endelig komen i Etneelva, og i onsdag vart årets fyrste laks tatt opp av fella som skal hindra oppgang av oppdrettsfisk.

Tor Egil Holmedal i Etne jeger- og fiskerforening drog opp ein villaks på 5,1 kg, utførte eit par testar og slapp den uti igjen. Det er ikkje uvanleg at den fyrste laksen dukkar opp i april, sjølv om dei største ikkje kjem før i mai.

Fella blei sett opp for eit par veker sidan, så dei siste dagane har berre vore venting på fisken. 2012 var eit dårleg lakseår, så i år håper Holmedal at det kjem mange fisk opp i elva. Det er likevel stengt for fiske i år, slik at laksen skal få gyte i fred.

Laksefella er i bruk i sin andre sesong. Installasjonen som er unik i Noreg, er ein del av eit nasjonalt pilotprosjekt i kampen for å ta vare på villaksen.