Kontrollingeniør Nils Roar Holgersen i Statens vegvesen ved ein av dei mange natursteinsmurane som er under bygging på E134-prosjektet i Stordalen i Etne. Foto: Geir Brekke, Statens vegvesen
Kontrollingeniør Nils Roar Holgersen i Statens vegvesen ved ein av dei mange natursteinsmurane som er under bygging på E134-prosjektet i Stordalen i Etne. Foto: Geir Brekke, Statens vegvesen

Mykje mur i Stordalen

Fri ferdsel forbi E134-anlegget i påskeveka.

Arbeidet med å bygga ny E134 i øvste del av Stordalen skrid godt fram og er godt synleg for dei mange trafikantane. Frustrasjonen melder seg for enkelet med dårleg tid ettersom byggeleiinga har innført kollonnekøyring med følgjebil.

— Frå prosjektet blir det opplyst i dag at det blir pause i arbeidet i påskeveka. Det vil seia fri ferdsel, utan arbeid og ventetid for trafikken – frå torsdag kveld, 10. april – til etter påske, tysdag 22. april, opplyser Geir Brekke
, kommunikasjonsrådgjevar i Statens vegvesen.

Naturstein

Med til saman kring 15.000 kvadrat natursteinsmur blir nye E134 Stordalen blant dei største tørrmurings-anlegga i landet for tida. Det meiner iallfall entreprenørane som er i sving med det 4,4 km lange europavegprosjektet i Etne kommune.

Dei har vore i arbeid sidan seinhaustes 2013. Med snill vinter har det vore gode tilhøve for anleggsdrift, med mykje sprenging og masseflytting etter at skogen var rydda. Men framfor alt ein serie med lange og høge tørrmurar. I lengda rekk dei lengste kring 300 meter, og dei høgste murane er på 15 meter. Totalt omfattar anlegget nærare 30 separate murar, skriv Statens vegvesen på sine nettsider (vegvesen.no).

Prosjektleiinga i vegvesenet stiller strenge krav til utføring på anlegget. Kvalitet på murarbeidet er viktig. Murane skal stå så lenge der går trafikk på nye E134 mellom Håland og Lauareid i framtida.

Frå publikum har det kome spørsmål kring val av tørrmuring i staden for betongmurar i dei høge halvskjeringane gjennom daglinja.

— Høge betongmurar ville vore eit urealistisk alternativ. Dette ville kravd uvanleg store og djupe fundament og ville kravd mykje lengre byggjetid, seier byggjeleiar Per Inge Naterstad i Statens vegvesen.

Trafikken langs E134 går heile tida gjennom byggjeperioden. I dag er det opp til 15 minutt å venta for trafikk i båe retningar. Det er lagt opp til etter måten kort byggjetid, med fullføring hausten 2015.

Tunneldrift i gang

E134 Stordalen omfattar også den 200 m lange Bakkatunnelen og den 1.200 m lange Stordalstunnelen. Ein er så vidt i gang med driving av den korte tunnelen i denne veka, medan drivinga på lengste tunnelen tek til etter påske, opplyser vegvesen.no.