Bjarne Sævareid (t.v.) frå Etne E-lag, Marion Kallevik som representerer Hordaland fylkeskommune og ordførar Sigve Sørheim er glade for den nye hurtigladestasjonen ved Etne Senter.
Bjarne Sævareid (t.v.) frå Etne E-lag, Marion Kallevik som representerer Hordaland fylkeskommune og ordførar Sigve Sørheim er glade for den nye hurtigladestasjonen ved Etne Senter.

Nå kan du fylla elbil-tanken

Ved Etne Senter er det nå råd å fylla «tanken» med rein energi.

20 minuttar tek det å lada batteria ved den nye hurtigladestasjonen i Etne, like ved E134. Og det til og med gratis. Stasjonen er tilpassa alle typar elbilar og har tre ulike kontaktuttak.

— Dette er eit viktig tilbod i bygda, og me jobbar med å få til ein ladestasjon også i Skånevik, sa ordførar Sigve Sørheim før han plugga kontakten i ein flunkande ny Volkswagen e-up som var henta inn for å demonstrera korleis ladestasjonen fungerer i praksis. Og går det som ordføraren sjølv håpar, kan det bli elbilar til fleire av dei kommunalt tilsette i framtida.

— Me prøver å få kjøpt elbilar til kommunen. Både heimesjukepleia og avdeling for drift og vedlikehald kan vera aktuelle, fortel Sørheim og har tru på at elbil er framtida.

Spleiselag

Hurtigladestasjonen med ein prislapp på rundt ein halv million, er resultat av eit spleiselag mellom fleire aktørar.

— Etne E-lag har stått ansvarleg for utbygging av stasjonen. I tillegg er Etne kommune, Etne Senter og Hordaland fylkeskommune med på spleiselaget, fortel dagleg leiar Bjarne Sævareid frå Etne E-lag som også sponsar med gratis straum til dei vegfarande.
Hordaland fylkeskommune skal investera 14 millionar i infrastruktur for elbilar i 2014, og målet at det i løpet av året skal vera mogeleg å køyra elbil i heile fylket på lik linje med ein vanleg bil.

— Før påske skal det stå klare fire nye hurtigladestasjonar, i Norheimsund, Eidfjord, Etne og Rosendal. Dei er ledd i ei rekkje på ti etableringar i 2014, seier Marion Kallevik som representerte fylkeskommunen under opninga.

Auka sal

Salet av dei miljøvenlege elbilane har eksplodert over heile landet i år. Tal frå GrønnBil viser at det nå går nærare 30.000 elbilar på vegane. Dette utgjer over 1 prosent av den totale bilparken. Éin av fem selde bilar i mars var elbil, og Tesla toppar salet så langt. Prisen på enkelte modellar ligg under tilsvarande modell som går på bensin eller diesel.

— Ein elbil er i snitt billegare. Den er friteken for moms og eingongsavgift. Dessutan er den svært billig i drift. Straumkostnaden er i snitt 15-20 øre per kilometer, fortel bilseljar Terje Bleie frå Odda, og dreg fram fordeler som resirkulerbare materiale, gratis parkering, låg årsavgift og mindre kostnader knytt til vedlikehald.

Eit elbil batteri skal ha ei levetid på rundt åtte år med den teknologien som føreligg i dag, og vedlikehaldskostnadene vert låge grunna få bevegelege deler. Bilen ladar under kjøring, og dagens bilar kan i snitt køyra rundt 40 mil på full tank.

— På turen til Etne køyrde eg 91 km, men brukte berre 70 km fordi eg lada under vegs, fortel Bleie og viser korleis bilen teknisk fungerer.

Langtur

Med stadig fleire hurtigladestasjonar langs vegane, er det nå snart mogeleg å ferdast utsleppsfritt frå vest til aust. I løpet av året er planen at det i alle kommunesenter i Hordaland skal ha mogeligheit for lading, og innan årsskifte skal det vera mogeleg å lada på turen over Haukeli.

— Fleire store handleskjedar planlegg nå hurtigladestasjonar utanfor butikkdøra, seier Bleie og har tru på at elbilen er komen for å bli.