Dagleg leiar Petter Aalvik tar Omega AS i ein ny og spennande fase md satsing på IT-marknaden. Arkivfoto
Dagleg leiar i Omega AS, Petter Aalvik. Arkivfoto

Omega går nye vegar

Ny landsdekkande IT-satsing frå suksesselskapet i Vindafjord.

Ølensvåg-selskapet Omega AS utvidar kjerneverksemda si. Etter 25 års drift og erfaring frå konsulentverksemd og systemutvikling for olje- og gassindustrien, tar to nye avdelingar i den lokaleigde bedrifta fatt på heilt nye IT-tenester til ein endå breiare marknad.

IT Consultants og IT-ledelse, som blei lanserte ved årsskiftet, skal tilby høvesvis konsulenttenester og rådgivingstenester innan IT.

eit naturleg nestesteg for oss

— Nå ønskjer me å oppnå det same i ein brett IT-marknad som me har gjort innan olje og gass, seier dagleg leiar i Omega, Petter Aalvik i ei pressemelding.

Ålvik leiar eit selskap som har hatt ei eventyrleg vekst dei siste åra. Omega AS har i dag over tusen medarbeidarar på oppdrag i over 15 land, og passerte 1,56 milliardar kroner i omsetning i 2013. På kundelista står olje- og gassaktørar som Statoil, Shell, Gassco, BP, ConocoPhiilips, Aibel, Det norske, Odfjell, Apply Sørco og Wintershall.

Den norske marknaden 

Omega IT Consultants vil dekka tenester i heile IT-spekteret: IT Management, System Development, og IT Operation/Infrastructure.

— Me ser mot kundar innan bank, finans, handel, industri og offentleg sektor, samtidig som me nå leitar etter fleire erfarne konsulentar med IT-ekspertisen marknaden etterspør, seier Kjetil Løvaas, avdelingsleiar for Omega IT Consultants, som blir leia frå Bergen, Oslo, Stavanger og Trondheim.

Omega IT-ledelse fokuserer på å vera ein uavhengig tilbydar av strategisk IT-rådgiving, i første omgang på Sørvestlandet.

— Me legg vekt på de store endringane i bruken av IT som følgje av den teknologiske utviklinga dei siste åra. Dette har gjort IT til ein av dei viktigaste premissgivarane for strategisk planlegging i både privat og offentlig sektor, seier avdelingsleder Arne Myskja, som skal leia aktiviteten saman med Ole Mannes.

 Utvidar kjerneverksemda 

Omega blir rekna som eitt av Noregs største IT-selskap som følgje av selskapet sitt teknologiske fundament og prosjektstyringssystem hos leiande olje- og energiaktørar.

— Sjølv om me nå satsar på ein ny marknad, er dette eit naturleg nestesteg for oss, seier Aalvik i pressemeldinga, og legg til.

— Teknologi og IT har alltid vore ein grunnleggande del av verksemda vår og har gitt forgreiningar til både system- og konsulentaktiviteten hos oss. Me har både kompetansen og rekrutteringserfaringa, og dermed god grobotn for å kunna møta ein marknad med behov for IT-ekspertise.