Dette er lokaliteten utafor Bjoa der skaden på ein merd førte til at store mengder oppdrettslaks rømte halvanna månad sidan. Foto: AFB/Ove Gjerde.
Illustrasjonsfoto

Omfattande rømming

Nå har oppdrettsselskapet tald opp.

Skaden ved Rogaland Fjordbruk sitt oppdrettanlegg utafor Bjoa i vinter viser seg å ha ført til at svært mange fisk forsvann ut i bassenget.

— Etter teljing med og i brønnbåt, der blant andre representantar frå Fiskeridirektoratet var med som inspektørar, er det så langt stadfesta at 47.043 laks med ei snittvekt på 2,2 kg rømde frå merd nr. 1 ved vårt anlegg Ilholmane, opplyser Ove Gjerde, samfunnskontakt i selskapet til Grannar.

Det var 25. februar i år at skaden i ein merd med 103.000 fisk i, blei oppdaga. I etterkant blei det fiska godt oppdrettslaks av hobbyfiskarar, blant anna i Ålfjorden. Også yrkefiskarar blei hyrt inn for å driva gjenfangst. Det har vore uvisst heilt til nå kor mange oppdrettslaks som tok vegen ut i det fri.

Den heilt eksakte rømminga vil oppdrettsselskapet ikkje få oversikt over før til hausten då fisken skal slaktast. Tala som selskapet nå kan visa til, viser at ikkje langt frå halvparten av fisken forsvann ut i Sunnhordlandsbassenget.

Mørketal

Rømming frå fjordbasserte oppdrettsanlegg blir sett på som eit stort miljøproblem. I fjor fekk Fiskeridirektoratet 22 rapportar om rømingar frå oppdrettarar på til saman 198.000 laks og 55.000 torsk.

Dessverre har det vore slik at ikkje alt blir rapportert og at mørketala kan vera svært store. Til dømes var det i 2013 to tilfelle av rømt oppdrettslaks i Sunnhordlandsbassenget og i Ryfylke som blant anna medførte stor tilgang av uønska laks i Etneelva og Vikedalselva. Ingen oppdrettar har så lang erkjent dette.