18-åringane Lydia Haugan Helland (t.v.) og Julie Skipevåg Andreassen frå Vikedal fekk overrekt Vindafjord Lions sin ungdomspris av presidenten i klubben, Aagot Sogn. Gunhild Skeie frå Sandeid kunne ikkje stilla denne kvelden. Foto: Irene Mæland Haraldsen
18-åringane Lydia Haugan Helland (t.v.) og Julie Skipevåg Andreassen frå Vikedal fekk overrekt Vindafjord Lions sin ungdomspris av presidenten i klubben, Aagot Sogn. Gunhild Skeie frå Sandeid kunne ikkje stilla denne kvelden. Foto: Irene Mæland Haraldsen

Heidra nasjonalt

Unge jenter er prissett for frivillig innsats gjennom musikken.

Dei tre samfunnsengasjerte ungdommane Lydia H. Helland, Julie S. Andreassen og Gunhild Skeie har gleda andre med sin song og musikk i mange år. For sin innsats har dei nå fått Lions Ungdomspris både lokalt og nasjonalt.

Du har sikkert høyrt dei. Enten på kyrkjekonsert, i bryllaup eller på eit anna arrangement rundt om i bygdene. Med sitt store talent og interesse for musikken er dei ei blitt ei populære gruppe mange vil ha del i. Og jentene frå Vikedal og Sandeid stiller gjerne opp, også som arrangør sjølv. Overskotet frå dei mange konsertane gir dei til andre. Gleda over å gje står sterkt hos alle tre.

både distriktet og heile Lions kan vera stolte over det engasjement, innsats og gjevarglede desse unge menneska har vist

— Det er kjekt å få gje til ei god sak. Det kjennest rett å gjera det, og så er det ekstra kjekt å halda på når me kan gleda andre, seier Lydia Helland (18) engasjert.

Fleire tusen kroner har dei til nå gitt til ulike formål, som kreftomsorga i Vindafjord og Frelsesarmeen.

Rørande

Samfunnsengasjementet deira har blitt lagt merke til, og nyleg vart dei nominerte til Lions ungdomspris. Først i Vindafjord Lions sitt distrikt, som omfattar Hordaland, Vindafjord og Sauda. Og sidan i Lions nasjonalt. Og begge stader gjekk dei av med sigeren.

— Eg blei ganske rørt då me fekk vita om prisen. Me har alle lagt ned masse arbeid, så det er kjekt at andre set pris på oss, seier Julie S. Andreassen (18).

Den lokale prisen, ein sjekk på 7.000 kroner vart overrekt under tysdagens Lionsmøte i Ølen. Den nasjonale prisen på heile 50.000 kroner, vil bli delt ut under Lions Riksmøte i Oslo om eit par veker.

— Me skal reisa til Oslo sjølv om det er midt i eksamenstida, seier Helland og gleder seg til den store dagen.

Kva pengepremien skal brukast til, har dei tre russejentene ved Ølen vidaregåande skule ikkje heilt klare planar for ennå.

— Kanskje me skal bruka litt til opptaksutstyr og musikkutstyr slik at me kan ta opp musikken vår og dela den med endå fleire. Då kan me gleda mange, seier Andreassen og Helland som var møtt fram for å ta imot prisen denne kvelden.

Veninner

Dei tre songvenninnene starta med musikken i 8. klasse. ved Vikedal skule.

— Først var det meg og Lydia. Så etter eitt år kom Gunhild med. Første gong me stod på scenen var under ein 4H-fest, fortel Julie som brenn for musikken.

Dei håpar å få spela saman også i framtida sjølv om studie til hausten vil splitta gruppa til dei tre russejentene.

— Me håpar å treffast så ofte som mogeleg, seier Lydia som til hausten skal studera musikk på folkehøgskulen.

Engasjement

I Vindafjord Lionsklubb sitt forslag til kandidatar vart det lagt vekt på at jentene som har gleda andre med sin song i lang tid, vel å gje det økonomiske overskotet til velgjerande føremål. Nettopp denne innsatsen og gjevargleda er det juryen sentralt også har lagt merke til. I deira grunngjeving heiter det at både distriktet og heile Lions kan vera stolte over det engasjement, innsats og gjevarglede desse unge menneska har vist.

— Ungdommane har vist eit beundringsverdig initiativ og er verdige til å vinna den nasjonale ungdomsprisen i år. Det vert òg lagt vekt på at jentene har tatt i bruk sine eigne talent og evne til fordel for samfunnet rundt dei. Dei har handla i tråd med ein av dei mest grunnleggjande av Lions sine dydar, heiter det i nominasjonsbrevet signert Franzie Lerch i Lions.

Ungdomspris

Lions sin ungdomspris vert delt ut til ungdom mellom 16-21-år. Kandidatane må ha gjort ein spesiell innsats for sine medmenneske. For Lions Vindafjord var det ekstra stas å få vinnarar frå eige distrikt.

— Det er så kjekt at de har fått prisen. Eg er heilt rørt, sa presidenten i Vindafjord Lions, Aagot Sogn under utdelinga. Som takk for heider og ære kvitterte dei to frammøtte jentene med vakker song og gitarspel. Og det sette klubbmedlemmene svært stor pris på.

— Ja, dette var mykje betre enn Grand Prix, kom det frå tilhøyrarbenken.