Vikedal i helga: Godt med ein avkjølande dukkert i varmen. Foto: Sirianne Vikestad

Bikka 30 grader

Send oss di eiga temperaturmåling.

Sommaren har vist seg frå si aller beste side i vekevis. I helga kom ei ny heitebølje over distriktet med sol og temperaturar på rundt 30 varmegrader i skuggen. Slik blir vêret også dei neste dagane.

— I dag har eg målt lufttemperaturen til 33,1 grader. Det er det varmaste eg har målt nokon gong, seier kjøpmann Rolf Alne i Vikebygd som opplever enormt sal av forfriskingar.

Meir i vente

Ved Meteorologisk institutt sin målestasjon i Vats er førebels toppnotering 30,1 grader (10. juli). Det er ikkje usannsynleg at rekorden ryk denne veka.

Varselet for dei neste dagane er også av det aller beste for dei som ynskjer sol og Syden-temperaturar. Først mot helga er det venta regn, men utan at det er heilt slutt på godvêret. Over helga er det duka for meir sol, men med noko lågare temperaturar.

Tips oss

Send oss di eige temperaturmåling (lufttemperatur i skuggen) med opplysning om kor og når målinga er gjort.

Send epost til:

tips@grannar.no

eller sms til

975 70 789.

Send gjerne også bilde som illustrerer tidenes sommar.