Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Alvorleg skadd etter fall

Sendt til Haukeland med hovudskade.

Ein mann i 60-årsalderen blei i natt send til Haukeland sjukehus i Bergen etter ei fallulykke i Etne. Politiet fekk melding om ulukka på Grindheim like etter kl 02.30 natt til sundag.

Operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at mannen truleg har falle tre til fire meter og landa på eit betongdekke.

Bakgrunnen for fallet er ikkje kjent, men politiet opplyser at det dreier seg om eit fall ut ei verandadør utan veranda.

Politi, ambulanse, og etterkvart også luftambulanse, rykte ut til staden, og den skadde blei transportert til Bergen.

Ved Haukeland universitetssjukehus får Grannar opplyst sundag føremiddag at pasienten frå Etne er alvorleg skadd.

Bil mot hjort

Også i Imsland i Vindafjord måtte politi og ambulanse i aksjon i natt. 20 minuttar før midnatt blei det meldt om trafikkuhell etter samanstøyt mellom hjort og bil.

Operasjonsleiar hos politiet opplyser at to personar, mann og kvinne i 60-åra, er tatt med til lege for medisinsk sjekk.

Seinare på natta var det ei ny viltpåkjørsel i distriktet, denne gong på E134 Fikse, mellom Ølen og Etne. Viltnemnda blei tilkalla for å avliva hjorten.