Nett_57-11-politibil

Mot normalisering

Det går nå mot ei normalisering av beredskapen i distriktet etter den nasjonale vurderinga av stor terrortrussel for snart éi veke sidan, melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt (HSPD). Det betyr ikkje at situasjonen er avblåst, men at ein starter ei gradvis nedtrapping av tiltak som blei sette i verk.

Då trusselsituasjonen oppstod la HSPD seg raskt på eit beredskapsnivå

i tråd med nasjonale føringar, og som det er mogeleg å ivareta over tid.

Kartlegging av tilgjengelege ressursar var ein viktig del av arbeidet.

— Me innførte straks tiltak med væpna patruljering av utanlands flygingar ved lokale lufthamner; systematisk patruljering av andre viktige innfartsåret og knutepunkt, samt fokusert beredskap i tilknyting til lokale arrangement. Det blei etter kvart også innført generell væpning av alle politipatruljer i distriktet, opplyser fungerande stabssjef Jan Geir Hessen ved HSPD.

Han fortel at i fasen dei nå går inn i, vil politidistriktet i tråd med nasjonale føringar ha eit naturlig fokus på vidare informasjonsinnhenting og analysearbeid.

— Me opprettheld også den generelle væpninga til i alle fall ut torsdag 31. juli. Generell og uniformert politikontroll av alle utanlands flygingar

i distriktet blei avvikla tysdag denne veka, seier Hessen.

Politiet vil likevel halda fram med grensekontroll i form av meir målretta kontrollar. Beredskapsnivået er fremdeles høgare enn normalt og det kan enda ta noe tid før politi organisasjonen er tilbake i normal drift.