Hurtigladestasjonen i Etne er i godt selskap med å vera utsett for hærverk. Foto: Gunhild Aksdal
Hurtigladestasjonen i Etne er i godt selskap med å vera utsett for hærverk. Foto: Gunhild Aksdal

Ny episode med skyting

Politiet ber publikum om tips.

Politiet ser alvorleg på nok eit hærverk med skytevåpen i distriktet. Natt til laurdag fekk ein personbil som stod parkert ved E134 på Fikse mellom Ølen og Etne, øydelagt fleire ruter. Vindafjord lensmannskontor har vore på staden og funne små, blanke kuler som tyder på at eit eller anna luftvåpen er nytta.

Også for ei veke sidan gjekk lensmannskontoret ut med etterlysing av vitne etter at det tidlegare i juli var meldt om skadeverk fleire stader i Skjold og Etne, også dette med luftvåpen. Det dreier seg om skyting på glas, blant anna på den nye elbil-ladestasjonen i Etne.

— Me er framleis svært interesserte i tips frå publikum. Det er ikkje usannsynleg at det kan vera same personar som står bak desse hærverka, seier konstituert lensman i Vindafjord lensmannskontor, Roger Løken til Grannar.

Episoden på Fikse i helga er den sjuande i rekkja av liknande hærverk i Vindafjord og Etne i løpet av juli. Bilføraren fekk problem med motoren og måtte parkera den like ved hovudvegen, og då han skulle henta den dagen etter for å ta den inn til reperasjon i Etne, var fleire ruter knuste.