Det var ved oppdrettsanlegget sørvest for Taraldsøy i Etne kommune to fiskebåtar blei observerte. Flyfoto: Espen Mills/etnebilder.no
Det var ved oppdrettsanlegget sørvest for Taraldsøy i Etne kommune to fiskebåtar blei observerte. Flyfoto: Espen Mills/etnebilder.no

Observerte tjuvfiske

Eit stort problem for oppdrettsnæringa.

Privatpersonar frå land observerte tysdag kveld denne veke tjuvfiske frå Alsaker Fjordbruk sitt lakseoppdrett utafor Ebnehanen på Skånevikstranda.

Vitne fortel til Grannar at det var to båtar i aksjon den lyse sommarkvelden. Dei la seg like inntil merden og fiska oppi. Etter ei stund forsvann båtane i retning Skånevik, med ein skokk måkar etter seg, noko som tyder på fangst i båten.

For Alsaker Fjordbruk som har fleire oppdrettsanlegg i distriktet, er dette eit stort problem som stadig går igjen. Spesielt sommartid skjer aktiviteten hyppig.

Alle fiske i og rundt oppdrettsanlegg er forbode. Fiskeforbodet gjeld i ein radius på hundre meter frå anlegget. I tillegg er det ikkje tillate å ferdast i båt nærare merden enn 20 meter.

Saka er førebels ikkje meldt til politiet.