Politioverbetjent Arild Austheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor seier at politiet har jobba for seint med ørnesaka.
ARKIVFOTO
Politioverbetjent Arild Austheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor seier at politiet har jobba for seint med ørnesaka. ARKIVFOTO

Politiet ber om tips

Etter fleire episodar med skadeverk frå skytevåpen, etterlyser politiet no tips som kan føra til oppklaring

I løpet av dei siste to vekene er det meldt om fleire skadeverk i både Etne og Skjold. Først blei det meldt inn skadeverk på ein hjullastar og eit busskur i Skjold, og Lensmann Ingvar Gjærde kunne opplysa om at det såg ut til å stamma frå eit skytevåpen.

No kan politioverbetent Arild Austrheim ved Vindafjord og Etne lensmannskontor fortelja at det også i Etne er meldt inn skadeverk av same karakter.

— Me har registrert fleire tilfeller av skyting med luftvåpen, truleg av typen softgun, seier Austheim og legg til at ein privatbil sør i sentrum av Etne har fått knust eit vindauge. Det er også registrert skotskadar i vindaugo på venterommet i det gamle Esso-bygget i sentrum, samt i glasveggene på den nye ladestasjonen ved Etne Senter. I tillegg til desse skadeverka er frontrutene på to trailerar som var parkert ved Steinshagen knuste som følgje av skotskadar.

— Det er grunn til å tru at ein eller fleire personar reiser rundt på nattestid for å gjera dette hærverket. Me står på bar bakke, og er svært interessert i tips som kan føra fram i saka, seier Austheim.

Politiet ber folk som sit på informasjon om å ta kontakt med Vindafjord lensmannskontor på telefon: 53 76 63 00