SiLyA sette i gang festivalstemninga i Vikedal går kveld og hadde med seg blåsarar som imponerte publikum. Foto: Sirianne Vikestad
SiLyA sette i gang festivalstemninga i Vikedal går kveld og hadde med seg blåsarar som imponerte publikum. Foto: Sirianne Vikestad

Rootsfesten er i gang

God stemning og mange familiar tok turen til festivalområdet torsdag kveld, då mellom anna lokalbandet Level 6 og SiLyA laga show.

Rootsfestivalen er i gang, og folketalet i Vikedal har fordobla seg nokre gonger denne helga. Torsdag var det konsert for dei yngste. Då frillefrans, kulturskulen, Level 6 og SiLyA starta ei helg med fengjande rootsrytmer.

Teltet var fullt av barnefamiliar og dei syntest det var kjekt at festivalen hadde lagt av ein kveld utan alkohol, der dei med små barn også kunne nyta underhaldning i festivalbygda.

Familiekveld fekk tommel opp

— Detta er kjempekjekt! erkjenner 10 år gamle Fridoline som fekk gå på sin fyrste konsert med mamma Gro Torill Nypan og broren Sondre (8). Dette freista til gjentaking, meinte dei og klappa til SiLyA sitt spenstige show på scena. Dei hugsar ho godt frå Stjernekampen på TV og synest det var stas å få oppleva ho live.

For medan gulldråpane, som nokon likar å kalla regnet denne sommaren, la seg over Vikedal, var det god stemning og mange smil å sjå blant store og små torsdag kveld. Det lova godt for ei solrik festivalbygd, som har mang ein konsert for skodelystne på dagsorden denne helga.