Historisk flott sommarvêr i årets juli. Foto: Anny H. Storvik
Historisk flott sommarvêr i årets juli. Foto: Anny H. Storvik

Varmerekord i Vats

Me er i ferd med å legga bak oss den varmaste julimånaden på over hundre år på Vestlandet. Også topptemperaturane er blant dei høgast i historia, og torsdag blei det sett ny varmerekord i Vats med 31,9 gradar.

Norsk varmerekord (lufttemperatur i skuggen) blei målt i Nesbyen i Buskerud i 1970 med 35,5 plussgradar. I Hordaland har Voss rekorden då det i juli 1989 blei registrert 34,0 gradar. Sola har rekorden i Rogaland med ein tempeatur på 33,5 gradar i august 1975.

Dette er offisielle tal frå Meteorologisk institutt. Ved instituttet sin målestasjon i Vats var høgast temperatur fram til torsdag denne veke frå juli 2008 med 31,6 gradar.

I Vats har snitt-temperarturen siste 30 døgn vore 17,1 gradar. Det er heile 4,1 gradar over normalen.

Natt til fredag har det også vore tropenatt (minimumstemperatur over 20 gradar) ei rekkje stader på Vestlandet.