55-14-nc skjoldar glade jenter

Farvel med Norway Cup

Sjå bilde frå dei lokale laga!

Norway Cup, verdas største fotballturnering med nærare 15.000 ungdommar i alderen 10 til 19 år, går mot slutten, og i løpet av  éi veke er det spela rundt 4.200 kampar.

Dei lokale laga frå Ølen, Skjoldar og Vindafjord IL har alle gjort ein fin figuar, og fem av laga kvalifiserte seg til A-sluttspelet.

Skjoldar sitt jentelag – J14, greidde seg aller best. I åttandedelsfinalen torsdag kveld var det likevel over og ut. Dei trøytte jentene som hadde ein tung kamp tidlegare på dagen, kjempa heroisk, men måtte sjå seg slått 2-0 av Oppegard.

Grannar takkar alle som har sendt oss bilde frå årets Norway Cup!