martha sund eikemo

Overlykkeleg vinnar

Laurdag kunne Martha Eikemo Sund (61) frå Etne gleda seg over å få 1,8 millionar kroner inn på bankkontoen. Ho er ein av 17 SuperLotto  vinnarar som delte potten på 32 millionar. Kupongen vart kjøpt på Coop Prix i Etne i slutten av juli. Den ferske millionæren er fortsatt litt i sjokk etter den gledelege meldinga frå Norsk Tipping.

— Dette er heilt uverkeleg. Snakk om å få sjokk. Nei dette var ein fantastisk oppleving, seier lottomillionæren som veit kva deler av pengane skal brukast til.

— Me har nett fått tomt på Eikemo, og skal byggja ny hytte. Der skal me bu når me blir pensjonistar, seier Eikemo Sund til Grannar.

— Tullar du med meg

Ho hadde sett trekninga på NRK, og var klar over at det var mange som delte potten denne kvelden. Her er utdrag frå samtalen då Ina Taasaasen frå Norsk Tipping ringte med den hyggelege bodskapen laurdag kveld:

Martha Eikemo Sund: — Tullar du med meg?  Ina: — Nei, dette er heilt sant. Dette er ikkje ein tulletelefon. Gratulerer som Lottomillionær.
 Vinnaren: — Nei vettu kva, herregud. Nå blei eg heilt: åååååå!

61-åringen sit i bilen med mannen sin på veg heim frå jobb når Norsk Tipping ringte, og ho ropar til mannen sin like ved: — Eg har vunne i Lotto. Det er heilt sant. Eg snakkar med Hamar nå!

Vinnaren frå Etne har tre barn, og då ekteparet kom ut av bilen og sonen kjem bort, ropar ho ut igjen:  — Eg har vunne nesten to millionar i Lotto! Eg snakkar med Norsk Tipping nå, det er heilt sant! Ho seier at det blir nok litt pengar på barna, og sonen skal restaurera huset, så pengane kjem nok godt med. — Nå smilte han godt her, sa hun om sonen.

— Nå blir det ein fin dag på jobben i morgon. Eg skal jobba 14 timer, men dei kjem til å fly. Herregud så moro. Me har akkurat kjøpt hyttetomt, så nå skal me bygga hytte. Så moro!

Martha Sund Eikemo seier til Norsk Tipping at ho like så godt kan stå fram ved namn med ein gong.

— Dette kjem alle til å få vita om uansett, så bruk namnet mitt, seier den glade dama, og avsluttar samtalen: — Det er som dei seier: Lotto millionærar er ikkje som andre millionærar.