Klar til teneste i skjergarden. Foto: Friluftsrådet Vest
Klar til teneste i skjergarden. Foto: Friluftsrådet Vest

Friluftsrådet si nye dronning

«Astrid» kosta seks millionar

Friluftsrådet Vest har feira sin nye arbeidsbåt med dåp på Indre kai i Haugesund. Det interkommunale friluftsrådet som også er sterkt inne i Vindafjord og Etne, er stolte over det nye fartøyet som har fått namnet MS «Astrid», oppkalla etter styreleiar Astrid Larsen frå Stord.

Båten er av typen katamaran og er bygd i aluminium, med ei lengde på 14,99 meter og ei breidde på 5,85 meter. Fartøyet er utstyrt med hydraulisk krane og to motorar som kvar yt 750 hk. Dermed kan den ha ein servicefart på 25 knop. Lastekapasiteten er fem tonn på dekk. Båten er bygd hos Promek AS på Smøla.

MS «Astrid» er ei stor investering for det regionale friluftsrådet. Prisen er seks millionar kroner, og den er finansiert med tilskot frå Statens naturoppsyn med 1,6 millionar, samt éin million frå Rogaland fylkeskommune, éin million frå Hordaland fylkeskommune, og 225.000 frå Haugesund kommune, og resterande med investeringsmidlar frå Friluftsrådet Vest.

— Den nye båten vil letta det praktiske arbeidet vårt med forvaltning, drift og vedlikehald av dei offentlege friluftsområda innan Vestkystparken (Skjærgårdstjenesten) i vår region. Den vil også kunne delta i forbindelse med strandrydding og andre offentlige oppdrag i regionen, skriv Friluftsrådet i ei pressemelding.