Uhell på glatt føre
Sjåføren verka uskadd etter ei utforkøyring på E134 ved Hiksdal i Ølen i går ettermiddag, opplyste operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt. Sjåføren vart tatt med i ambulanse til ein legesjekk. Politiet fekk melding om uhellet klokka 15.26 og naudetatane rykte ut. Føraren var aleine i bilen, og det blir oppretta sak. Vegen var stengt ei stund. Politiet opplyste at det var glatte parti i kombinasjon med tørr og berr veg.
Illustrasjonsfoto

Naboar slo alarm

Biltjuv tatt i Skjold.

Ei melding frå observante folk i Skjold om ukjent bil og mistenkeleg ung mann i nabolaget, førte til at politiet aksjonerte rundt kl 22.30 torsdag kveld. Patruljen som kom til staden, konstaterte at bilen hadde ulike registreringsnummer framme og bak. Det viste seg at bilen var stolen i Stavanger same dag.

Sjåføren var ikkje å sjå, og søk med to patrular og ein tenestehund som UP hadde med, gav heller ikkje resultat. Like før midtnatt ringe ein annan nabo i Skjold naudtelefonen. Ein framand bank banka på, knuste deretter eit vindauge i kjellaren og tok seg inn.

Like etter kom dei to politipatruljane som var i området, og etter ti minuttar var den mistenkte tatt. Mannen (22) var rusa og blodprøve er tatt.

— Han er sett i arrest etter beslutning frå vakthavande jurist. Mannen nektar for ha gjort noko galt, opplyser operasjonsleiar Svein Roald Vikse ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt