Sølve Østbø leiar bilcross junior-klassa før runden i Vikedal. Foto: Privat
Sølve Østbø leiar bilcross junior-klassa før runden i Vikedal. Foto: Privat

Nye rundar i Vestlandsmesterskapet

Ligg godt an før bilcross på heimebane.

Det er klart for nye rundar i Vestlandsmesterskapet i rallycross og bilcross når haustsesongen startar søndag. Laurdag blir det i tillegg parallell-løp inne på Vikedal Motorbane.

I bilcross junior klassa er det Steffen Hjelmås som leiar med 40 poeng. Med ein flott 2. plass i Landsfinalen for junior siste helga i juli, kvalifiserte han seg til Landsfinalen for senior som går i Bjorli på laurdag, og har valt å delta der. Dermed er det i praksis Sølve Østbø, NMK Vikedal, som ligg best an med 34 poeng, eit poeng framfor Atle Østerbø Veland , NMK Bergen. Begge desse var i finalane i Landsfinalen, der Veland vart nr. 10 og Østbø nr. 20. I førre parallell-løp i april var det Asbjørn Hustvedt Lærdal, NMK Vikedal, som var raskast framfor Kristoffer Nesheim, NMK Vikedal. Begge er påmeldt denne gongen og er nok lystne på eit nytt, godt resultat.

I seniorklassa er det jamt mellom Torbjørn Østerbø Veland, NMK Bergen, og Sondre Hundseid Eikeland, NMK Vikedal. Veland er i tet med 35 poeng, medan Eikeland har 32 poeng. Rett bak lurer Michael Jensen, NMK Vikedal med 28 poeng. Alle desse tre har vore i A-finalen i begge løpa i Vikedal i vår, og satsar nok på å nå ein ny A-finale.

Finalane i bilcross søndag vert litt annleis enn vanleg. Dei 18 beste etter innleiande omgangar vert delt i tre semifinalar, der dei to beste går vidare til A-finalen.

Det har vore litt blanda deltaking i rallycrossklassane i Vestlandsmesterskapet i år. I klassen inntil 2000 ccm deltar ikkje Rudi Andres Rossland, NMK Bergen, som leiar klassen med 42 poeng. Derimot stiller Kenneth Johansen, NMK Vikedal, som ligg på andreplass med 37 poeng.

Glenn Olav Lothe, NMK Vikedal, leiar klassen inntil 2400 ccm med 41 poeng, framfor Jonny Brådli, NMK Egersund, og Stein Erling Tjelta, NAF MS Stavanger, 34 poeng. I klassen over 2400 ccm er det Håvard Helland, NMK Vikedal, som leiar klart med 44 poeng framfor Paul Vik, NMK Vikedal, med 35 poeng.

Neste runde i Vestlandsmesterskapet går i Bergen 6. september før finalen på den nye banen i Egersund 5. oktober.