Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Bil utfor skrent i Stordalen

Mann i 40-årsalderen til sjukehus i luftambulanse.

Éin person er hardt skadd etter ei utforkøyring på E134 i Stordalen i Etne i natt. Ulykka blei meldt kl 00.44 etter at den blei oppdaga tilfeldig av andre trafikantar.

Utforkøyringa skjedde aust for krysset til Skånevik, i eit område der vegen skal leggast i tunnel. Her er det bratt utfor, ned mot Stordalsvatnet.

Operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at ulykka blei oppdaga ved at tilfeldig forbipasserande passasjerar i ein bil såg deler av betongkanten låg i vegbanen. Dei stansa for å lempa desse ut av vegen og oppdaga samtidig bilen som låg rundt 20 meter nedanfor vegen.

Den skadde mannen (48) som var åleine i bilen, blei i natt frakta med luftambulanse til sjukehus i Stavanger. Politiet kan førebels ikkje seia noko om årsaka til utforkøyringa. Ulykkesgruppa til Statens vegvesen blei kalla ut og var framme på ulykkesstaden i natt.

E134 var stengt ein periode, men er nå open igjen. Politiet opplyser at vegen blir stengt på eit seinare tidspunkt i sambandf med bilberginga.