70-14-trolltunga

Bli med på fotokonkurranse

Haust og utfart som tema.

Grannar inviterer igjen lesarane til å bli med på ein fotokonkurranse. Det  har vore ein nydeleg seinsommar og haust, og mange har vore ute i friluft på tur i vår vakre natur, gjerne med eit kamera i sekken.

Difor har me valt utfart i norsk natur som tema for fotokonkurransen denne gongen. Her kan store og små vera med. Me presenterer bilda fortløpande i nettalbum på grannar.no, og eit utval vil også koma med i den trykte avisa.

Send ubehandla bilde med god oppløysing, elektronisk på epost til foto@grannar.no med frist 1. oktober. Hugs å oppgi namn på fotograf og ein kort tekst med opplysning om bildet.

Me trekkjer ut eitt bilde som blir premiert med ein iPad Mini, og har i tillegg nokre mindre premiar. Lukke til!

Arne Frøkedal

redaktør