Bøter på morgonkvisten

Ein UP-patrulje gjennomførte ein trafikkontroll på E134 i Ølen måndag føremiddag. Det blei skrive ut to gebyr for manglande bilbelte og to forenkla førelegg for bruk av mobil under køyring. Også promille blei kontrollert, og på dette området var alt greitt.