Elevar i farleg leik

Etter initiativ frå helsesøster hadde Vindafjord lensmannskontor og kommunelege tysdag eit besøk ved Ølen ungdomsskule. Bakgrunnen er opplysningar om ein farleg leik med hyperventilering og påfølgjande besviming blant ungdomsskuleelevar. Dette blir filma og deretter publisert på nettet.

Lensmann Ingvar Gjærde håpar denne leiken tar slutt. På timeplanen stod også ein leksjon nettvett.