Etne vann

I sin første kamp etter at trenaren trekte seg, blei det ein etterlenta siger og tre poeng til Etne i 4. divisjon fotball. På Norheim gjekk det mot eit nytt tap då det stod 2-0 til heimelaget ved pause.

Etne sitt unge mannskap viste at det er potensiale i laget, og snudde resultatet til 2-3. Bjørnar Grinheim (49. min), Kristoffer Grønstad (56.) og Thomas Krokå (85.) stod for skåringane.

Kenneth Hegerland leia laget mellombels etter at Kjetil Bjørgen trekte seg i helga. Etne tok dermed innpå dei andre botnlaga på tabellen og har fire poeng for å passera nedrykkstreken når det står att seks kampar.

Målrikt

I 5. divisjon blei det også siger til dei lokale laga som alle hadde bortebane i denne runden, etter svært målrike kampar. Vats 94 Skjoldar var på Stord og møtte Leirvik og greidde til slutt resultatet 4-5 (3-2) etter avgjerande skåring på tampen. Måla kom ved Joachim Aasbø Frøland (10. min), Morten Frøland (47, 67 og 90) og Jan Einar Frøland (83).

Ølen var i Haugesund og møtte botnlaget Haugaland. 0-9 stod det i dommaren sin protokoll ved kampslutt.

Resultata betyr at Vats 94 har andre plass på tabellen, to poeng føre Ølen på tredje plass. Torvastad har førebels kontroll på første plassen. To lag rykkjer opp til 4. divisjon.