Vindafjord ordførar Ole Johan Vierdal og kontaktperson for TV-aksjonen i Vindafjord kommune, Gunnbjørg Nesbu, utfordrar næringslivet til å bidra under årets TV-aksjon. Foto: Ann Margit
Vindafjord ordførar Ole Johan Vierdal og kontaktperson for tv-aksjonen i Vindafjord kommune, Gunnbjørg Nesbu, er gode nøgde med resultatet. Foto: Ann Margit Grønstad

Klare for ny TV-aksjon

Nå skal også næringslivet utfordrast.

Av Ann Margit Grønstad

Vindafjord kommune går i år nye vegar for å samle inn pengar til TV-aksjonen 19. oktober.

Den 15. oktober kan bedriftene i Vindafjord vente seg ein telefon frå mellom anna ordføraren. Då er nemleg alle kommunar på Haugalandet samla til eit ringekorps til inntekt for året TV-aksjon som går til Kirkens Nødhjelp.

— I fjor tok me ikkje utfordringa, men i år stiller òg Vindafjord kommune opp med eit ringekorps, seier Gunnbjørg Nesbu.

Det har ikkje vore noko problem å få bøssebererar

Ho er kontaktperson for TV-aksjonen i Vindafjord, og håpar no at den såkalla næringslivsstafetten vil gje ei toppsving i bidrag til TV-aksjonen.

— I fjor samla Vindafjord kommune inn 508.018 kroner, og når me i år utfordrar næringslivet håpar me på å kunne overgå dette, seier Nesbu.

Vatn til éin million

Inntektene under sjølve TV-aksjonen «Vatn forandrar alt» søndag 19. oktober går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeide med vatn i Afrika og Asia. Målet er å gi éin million menneske tilgang på reint vatn. Det er spesielt kvinner og barn i desse landa som lir under mangelen på reint vatn.

— Dei må bruke lang tid kvar dag på å gå for å hente vatn, barna kunne heller få brukt tida på å gå på skule. Ureint vatn tek og mange liv, fortel Nesbu.

Kirkens Nødhjelp har lang erfaring med å skaffe reint vatn, og hjelper til dømes til med dette etter naturkatastrofar.

40-årsjubileum

TV-aksjonen feirar i år 40-årsjubileum, og har sidan oppstarten i 1974 samla inn totalt sju milliardar kroner til hjelp for mange millionar menneske rundt omkring i verda. I fjor vert det samla inn 229.198.813 kroner på landsbasis og snittet låg på 45,40 kr. per innbyggjar. I Vindafjord låg bidraget per innbyggjar på 58,97 kroner, noko som gav ein 12. plass blant kommunane i Rogaland og ein 132. plass på landsbasis. Resultatet i Etne kommune enda på 56,87 kroner per innbyggjar, som gav ein 15. plass i Hordaland og 149. plass i landet.

Aksjonen er godt etablert i Vindafjord, og Nesbu synest folk er flinke til både å stille som bøssebererar og til å gi. Ordførar Ole Johan Vierdal er einig.

— Det har ikkje vore noko problem å få bøssebererar, seier han, og meiner det er ein viktig søndagstur å gå.

Han oppmodar dei som ynskjer å gå med bøsse til å ta kontakt med kommunen.

Ny trend

Sjølv skal kommunen gje 20.000 kroner til aksjonen, og Vierdal håpar at konkurranseinstinkta vil slå til hjå bedriftene i Vindafjord den 15. oktober. Noko taktikk har han ikkje klar for dagen då han og rundt seks andre frå kommunen skal sitja på Sjøfartsdirektoratet i Haugesund for å ringa rundt.

— Me kan ikkje gjere anna enn å oppfordre dei, det må vere ein vilje til å gi, smiler han.

Dei fleste kommunar har hatt ein slik næringslivsstafett i fleire år.

— Når me nå tek utfordringa håpar me at me og har starta ein trend, seier Nesbu.