Sjekkar bråk i Skjold

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt gjekk tysdag kveld ut og bad om tips om observasjon av mørk BMW i Skjold. Bilen køyrde opp i eit bustadfelt etter det som såg ut som eit slagsmål ved E134.

Ein politipatrulje som rykte ute, fann seinare på kvelden bilen og folk i tilknyting til hendinga. Etaten vil sjekka ut kva forholdet dreier seg om.