Dei dåverande ordføranane Arne Bergsvåg i Ølen (t.v) og Reidar Håvås i Vindafjord er med i delegasjonen som skal møte kommunalminister Jan Tore Sanner for å dele erfaringar frå kommunesamanslåinga.
Dei dåverande ordføranane Arne Bergsvåg i Ølen (t.v) og Reidar Håvås i Vindafjord er med i delegasjonen som skal møte kommunalminister Jan Tore Sanner for å dele erfaringar frå kommunesamanslåinga.

Skal møte Sanner

Ein delegasjon frå Vindafjord skal møte kommunalminister Jan Tore Sanner (H) for å dele erfaringar med samanslåing.

Sentrale aktørar som kjenner godt til kommunesamanslåinga mellom Ølen og Vindafjord, er invitert til å dele erfaringar med kommunalministeren. Kommunane sin statsråd står i bresjen for å få på plass tidenes omvelting i kommune-Noreg etter at det forrige kartet vart teikna i 1964.

Lokalt og frivillig

Møtet er på Sola Strandhotell på onsdag, og frå Vindafjord deltar dei to ordførarane i Ølen og Vindafjord under samanslåinga, Arne Bergsvåg (Sp) og Reidar Håvås (Ap). Dessutan deltar dagens ordførar Ole Johan Vierdal (Sp), rådmann Kristian Birkeland og gruppeleiar for det største opposisjonspartiet, Terje Kleiven (H).

Ministeren er først og fremst ute etter å få kunnskap om korleis prosessen påverka den nye kommunen etter samanslåinga i 2006.

— Det er nok erfaringane våre han er ute etter, og ingen politisk diskusjon: Men eg vil påpeike er den store forskjellen samanlikna med prosessen som no er i gang, er at vår samanslåing var initiert lokalt og var frivillig, seier eks-ordføraren.

Brevet frå Erna

Han vil også ta med seg dåverande kommunalminister Erna Solberg (H) sitt brev får 2003 der ho lova at Vindafjord ikkje skulle tape på endringar i rammevilkår for kommunar som slår seg saman på eit seinare tidspunkt. Vindafjord fekk langt gunstigare vilkår enn i samanslåingar som kjem, og som kommunen skal ha nytte av i fleire år framover.

Reidar Håvås (Ap) var ordførar i den kommunen som var minst tilhengar av samanslåinga, Vindafjord, og han er opptatt av at samanslåing må vere lokalt forankra.

— Det viktigaste for meg er at folket er med i prosessen, og då meiner eg folket og ikkje berre politikarane. Lokal forankring bør vere heilt avgjerande for samanslåing, seier han.

Ingen av dei har direkte dårlegare erfaringar, men det er likevel ei heilt anna spørsmål å gå i gang med ein ny runde så kjapt.

— Det må vere ei rimeleg bra oppside for at eg skal vere for ein ny runde, seier Bergsvåg.