Uavgjort mot topplaget

Ølen greidde 1-1 mot det suverene topplaget i fotballens 5. divisjon. Det stod 0-0 ved pause i torsdagens kamp. Det gjestande laget frå Karmøy gjekk opp i leiinga i det 54. minutt og såg ut til å gå mot sin 15. siger i årets serie. Men Ølen ville det annleis.

I det 90- minuttet kom utlikninga ved Bjarte Hovland og dermed poengdeling mellom laga som ligg på første og tredje plass på tabellen.

Vats 94 Skjoldar får besøk av Ferkingstad fredag, og med siger her får laget ei luke på fire poeng ned til Ølen.

Torvastad står utan tap så langt i serien, og med ti poeng forsprang (eventuelt sju etter kveldens runde), går det mot eit sikkert opprykk til 4. divisjon. Dei to laga frå Vindafjord kjempar om den andre plassen som gir opprykk.