binary-76942-117404

Etne-mann vann tre millionar

Joker-treff på første tal.

Ein kar frå Etne i 60-årsalderen kunne onsdag kveld innkassera dryge tre millionar kroner i Joker. Det er Norsk Tipping som melder dette.

Den heldige mannen var sjølv ikkje med på trekninga. Difor måtte programleiar May Lisbeth Midtgård Myrvang gjennomføra spelet «Opp eller ned?», saman med datamaskinen Embla.

Alt i det første talet dukka «jokeren» opp og premien sprang opp frå inngangssummen 614.000 kroner til kveldens topp-premie på heile 3.067.000 kroner.

Den heldige etnebuen leverte spelet sitt på nettet onsdag ettermiddag. Ti Norsk Tipping forklarer den glade vinnaren:

— Eg måtte slita litt. Dataen min fungerte ikkje, så eg måtte låna kona sin. Men eg var fast bestemt på å spela Joker, sjølv om det blei litt krunglete.

Den andre

Dette er den andre tippemillionæren frå Etne på kort tid. I slutten av august kunne Martha Eikemo Sund (61) gleda seg over å få 1,8 millionar kroner inn på bankkontoen. Ho var ein av 17 SuperLotto-vinnarar som delte potten på 32 millionar.