Bak frå vestre: Oktawia Karkoszka, Iwova Kuszaj, Ragna Grindheim og Monika Perzyna vann alle kampane.
Foto:privat
Bak frå vestre: Oktawia Karkoszka, Iwova Kuszaj, Ragna Grindheim og Monika Perzyna vann alle kampane. Foto:privat

Siger for damelaget

Vann første eliteserie

Damelaget frå Etne bordtennisklubb gjekk av med sigeren under opninga av eliteserien for kvinner i Notodden i helga.

— Dei har spelt fire lagkampar og vunne alle. Nå er dei godt nøgde, fortel leiaren i bordtennisklubben Leif Grindheim etter at den første runden i serien er over.

At dei vann over Fokus frå Oslo som er ein av dei store klubbane i landet er dei særs nøgd med. Neste runde skal spelast i Oslo i desember, før serieslutt i Notodden i februar neste år.