Tatt for fleire brotsverk

Stoppa på moped i Sandeid.

Politiet stansa måndag ein mopedførar i Sandeid. Det viste seg at det uregistrerte kjøretøyet ikkje var det einaste forholdet som var klandreverdig.

— Personen er anmeldt for fleire trafikk-forhold, samt bruk av narkotika, opplyser Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Det er oppretta sak mot mopedisten.