Ordførar Ole Johan Vierdal og Gunnbjørg Nesbu med bøsser som skal brukast under søndagens innsamling i Vindafjord. Arkivfoto.
Ordførar Ole Johan Vierdal og Gunnbjørg Nesbu med bøsser som skal brukast under søndagens innsamling i Vindafjord. Arkivfoto.

TV-aksjon for reint vatn

Søndag er det Tv-aksjon og i år går pengane til reint vatn i åtte land

Veit du at for ein 200-lapp kan gi eit menneske nok vatn for resten av livet?

Komande sundag er det TV-aksjon 2014, og i år skal pengane gå til reint vatn til éin million fleire menneske enn dei Kirkens Nødhjelp allereie hjelper i dag.

Tilgang på reint vatn deier seg ikkje berre om å drikka seg utørst, men det betyr også at menneske overlever og dei kan halda seg friske. Tilgangen til vatn sikrar avlingar og mat til folket. Kvinner og barn får høvet til utdanning og arbeid når dei ikkje må bruka mange timar kvar dag på å gå etter reint vatn. Når turen etter vatn blir kortare, blir dei også mindre utsett for vald og seksuelle overgrep. For å styrkja fleire av desse positive ringverknadane vil Kirkens Nødhjelp også setja opp latriner og gjer andre tiltak for å betra sanitære forhold og hygiene. Derfor er det bestemt at midlane frå årets TV-aksjon skal gå til vassprosjekt i åtte land: Sudan, Sør-Sudan, Etiopia, Somalia, Tanzania, Afghanistan, Pakistan og Haiti.

Sudan får mest

Det er Sudan som kjem til å få den største biten av kaka. I dette landet har det i fleire tiår vore krig og konfliktar og Kirkens Nødhjelp arbeidar hovudsakleg i Darfur. Dette er eit område som dei siste tiåra stadig oftare blir ramma av alvorleg tørke og påfølgjande svolt. Målet er å gi over 300.000 fleire menneske i dette landet tilgang til reint vatn.

Kirkens Nødhjelp arbeider med å få bora brønnar og installera handpumper til mange tusen menneske i kvart land. Dei vil også vera med på å rehabilitera gamle brønnar og gi lokalbefolkninga opplæring i korleis ein tar godt vare på dei verdifulle vassressursane.

Vindafjord best i fjor

Både i Etne og i Vindafjord kan innbyggjarane venta at dørklokka skal kima kommande søndag. Då er bøsseberarar klare til å dekka heile distriktet, og det har som regel vore ei grei sak å få på plass folk som er villige til å bidra med å gå frå hus til hus.

I fjor var det Nasjonalforeningen for folkehelsen som fekk pengane frå TV-aksjonen, og på lokalt plan var vindafjordingane hakket meir gåvmilde enn etnebuen. Til saman blei det på landsbasis samla inn litt over 224 millionar kroner, som gir eit snitt per innbyggjar på 44, 42 kroner. Vindafjord sitt resultat blei totalt 393.404 innsamla kroner, med eit gjennomsnitt på 58, 64 kroner per innbyggjar. Det gav kommunen 113. plass i landet og 12. plass i Rogaland. I Etne blei det samla inn 174.996 kroner til saman, som gav eit gjennomsnitt på 55, 71 kroner per innbyggjar. Dette plasserte Etne på 145. plass blant landets kommunar og på 14.plass i Hordaland.