Bilbrannen på Fikse i morgontimane fredag, blei raskt sløkt av brannmannskapet frå Etne. Foto: Grethe Hopland Ravn
Bilbrannen på Fikse i morgontimane fredag, blei raskt sløkt av brannmannskapet frå Etne. Foto: Grethe Hopland Ravn

Bilbrann på Fikse

Naudetatane fekk klokka 8.30 fredag morgon inn ei  melding om ein bilbrann på E134 på Fikse, mellom Ølen og Etne. Politi og brannvesen rykte ut og kom raskt til staden staden.

Lensmann Ingvar Gjærde opplyser melder at det oppsto litt trafikkale hindringar ei stund, men at vegen var rydda etter tre kvarter. Årsaka for brannen er ukjent, men bilen er taua inn til undersøking, og lensmannen seier dei får komma tilbake til årsaka.