Brann i Vikedal

Politiet fekk søndag føremiddag melding om ein brann i eit hus i Vikedal. Naudetatane rykka ut, men brannen var sløkt før brannvesenet kom til staden. Brannen starta i ein vedstabel i stova, og førte til mykje røyk og skader i stova. Ingen personar kom til skade.