Fann årsaka til rømming

I samband med rømminga ved lokalitet Ilholmane i Vindafjord tidleg i år har Fiskeridirektoratet avdekt risiko og fare for rømming knytt til bruk av notkrokar i fiskeoppdrettet. Direktoratet si gransking av hendinga, gjennom eit samarbeid med verksemda, viser at sannsynleg årsak for hol i nota er ein notkrok som fall ned i samband med avlusing. Notkroken skal ha hekta og førte til rivne i nota då denne vart søkt etter enda avlusing.

Skaden ved Rogaland Fjordbruk AS sitt opprettsanlegg ved Bjoa resulterte i at vel 47.000 laks med ei snittvekst på 2,2 kg rømde frå anlegget.