Jan Terje Rafdal skal læra dei unge korleis dei kan vera «kunstnar for ein dag»
Jan Terje Rafdal sin kunst har vekt interessa hos filmskapar Thomas Storesund som bur og jobbar i Los Angeles. No planlegg han ein dokumentarfilm om etnekunstnaren. Arkivfoto Grethe Hopland Ravn

Kunst hos statsministeren

Jan Terje Rafdal lagt merke til.

Om ikkje lenge skal eitt av måleria til etnekunstnar Jan Terje Rafdal få plass på veggen i Noregs viktigaste kontor. Dermed får Erna Solberg visuelt oppleva etnenaturen på nært hald.

For eit halvt års tid sidan fekk Jan Terje Rafdal ein telefon frå ein agent, som sa at ho var interessert i å presentera eitt av bileta hans for ein klient i hovudstaden. Alt han fekk vite den gong, var at klienten var på jakt etter eit kunstverk til eit «veldig viktig kontor» i Oslo.

anerkjennande for meg som kunstnar

Rafdal sende to bilete til agenten og månadane gjekk utan at han høyrde noko meir konkret.

— For rundt ein månad sidan var eg i Skottland på tur, og mens eg sto ute på eit jorde fekk eg telefon frå agenten. Ho kunne fortelja meg at eitt av bileta mine var plukka ut til utsmykking på statsministeren sitt kontor, seier Rafdal.

Han innrømmer at han er spent på plasseringa av kunstverket, for Erna Solberg har eit kontor som rommar to etasjar.

— Eg håpar sjølvsagt på plassering midt i siktet, men eg veit ikkje kva planar dei har for biletet. Dette er ein lang og nøye planlagt prosess, og eg trur ikkje det handlar om Erna sin personlege smak. Dette blir eit bilete som vil tilhøyra den offentlege kunstsamlinga, seier Rafdal.

Etnefjella

Kunstverket er akrylmåling på plate og er eitt av dei mange måleria han har laga av etnefjella. Utsikten viser Kvamskjødno i retning Djupaskarsvatnet og er måla frå ei tid det vanlegvis er lite folk i fjellet.

— Eg likar å måla bileta mine i februar og mars. Då er det lite folk i fjellet og snøen byrjar å bli ganske roten, seier Rafdal.

Førebels er ikkje biletet kome på statsministerveggen, og Rafdal veit heller ikkje heilt når det vil skje. Men det nærmar seg.

— Eg synest det er anerkjennande for meg som kunstnar å få vera med på å utsmykka statsministeren sitt kontor. Kanskje det også kan opna opp for fleire viktige sal og det styrkar definitivt min kontakt med galleriet Kunstverket i Oslo, seier kunstnaren.